Sjekk med annonsør Aurdalsåsen, Hytte og nabotomt - Idyllisk med flott utsikt til Rudstøltjernet, 980 moh!
- Sted: Naustdal, Naustdal
Standard Del av kjellaren er innreidd etter eigaren tok over i 2009 og overflater delmoderniserte. Bygningen har elles i stor grad teknisk standard frå byggjeåret og tilbyggingsåret.Hovudetasje:Vindfang og gangen har flisar med varmekablar i golvet, målte plater på veggane og takess i taket. Frå gangen er det skyvedør mot kjøkkenet. Kjøkkenet har tregolv og målte veggar og tak. Eldre plassbygd kjøkkeninnreiing frå byggjeåret med målte frontar, laminert benkeplate og kjølehjørne. Plass til spisebord. Fin utsikt frå kjøkkenet mot elva. Stova har lakkert tregolv, målt strie og målte veggar. I taket er det synlege takbjelkar med målte overflater. Det er vedomn i stova. Badet har belegg med varmekablar i golvet, målte veggplater på veggane og takess i taket. Enkel eldre innreiing med målte frontar, servant, laminert benkeplate, badekar med dusj, toalett og opplegg for vaskemaskin.I soverommet er det laminat på golvet, målte veggar og takess i taket. Frå soverommet er det utgang til liten overbygd veranda og hage. Uteboda ved inngangspartiet har belegg på golvet og interiørpanle på veggane og i taket. Takhøgda i hovudetasjen er 2,35m.Loft:Gangen har tregolv og målte veggar og tak. I dei to soveromma er det tregolv, målte veggar i det eine soverommet og plank i det andre. Målte plater i taket. Boda har målt tregolv og panel på veggane og i taket. Sikringsskåpet er plassert i boda. Kjellar:Inngang/hall og grovkjøkkenet har flisar med varmekablar i golvet, målte plater på veggane og synlege trebjelkar med målte overflater i taket. Grovkjøkkenet har ny innreiing med kvite frontar, laminert benkeplate og skyllekum. I vaskerommet/toalettet er det golv av ubehandla betong, panel på veggane og i taket. Innreiinga består av VVT, utslagsvask, servant og toalett. Dei to bodene har ubehandla betong på golv og veggar, panel i taka. Frysen/kjølen i den eine boda følgjer med salet. Gangen/trapperommet har belegg på golvet, mur og panel på veggane og panel i taket.Takhøgda i kjellaren er ca. 2,05 m og arealet er difor ikkje teke med i p-rommet. Eigedom Hove6817 NAUSTDALBustadeigedom på Hove i Naustdal utbygd med eit bustadhus som vart oppført i 1959 og tilbygd i 1978. Innhald Hovudetasjen har eit bruksareal på 75 m2 og inneheld stove, kjøkken, bod/spiskammers, bad, soverom, gang, vindfang og utebod ved overbygd inngangsparti.Loftsetasjen har eit bruksareal på 30 m2 og inneheld eit stort soverom, eit mindre soverom, bod og gangareal.Kjellaren har eit bruksareal på 36 m2 og inneheld inngang/hall, grovkjøkken, vaskerom/toalett, to boder og gang med trapperom til hovudetasje. Kvitevarer Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. parabolantenne som er montert skal følgje med. Byggjemåte Grunnmuren er av betong og betongholstein, utvendig med murpussa overflater og innvendig med 2" isolert påforing og plater i nyinnreidd del av kjellaren. Kjellargolvet er av betong. I nyinnreidd del av kjellaren er det fuktsperre med flytsparkel og flislagde golv over betonggolvet.Etasjeskilja er av trebjelkelag.Ytterveggane er av lafta tømmerplank med utvendig kledning av eternittplater og trepanel.Takkonstruksjonen har saltakform med taktekking av stålplater og undertak av rupanel. Tilbygget står på fundament og plate på mark av betong.I fasade mot vest er det ringmur av lettklinkerblokk med murpussa overflater, andre ytterveggar i tilbygget er av 4" bindingverk med utvendig kledning av trepanel.Tilbygget har skråtak med kaldloft. Taktekkinga er av stålplater med undertak av rupanel.Vindauga i den eldste delen har trekarmar med kopla rammer. I tilbygget er det trekarmar med 2-lags glas frå 1978.Frå soverommet i 1. etasje er det utgang til vestvendt overbygd betongterrasse. Ved inngangen er det betongtrapp og overbygd betongplatting. Sanitæranlegget har delvis standard frå byggjeåret og tilbyggingsåret, med vassrøyr av kopar og avlauprsrøyr av soil og plast. I den nyinnreidde delen av kjellaren er det forenkla vassrør med open installasjon. Det er montert ny varmtvasstank med volum på 200L.Brannslagne er montert.Det elektriske anlegget har open installasjon i den eldste delen og skjult installasjon i tilbygget. Anlegget er oppgradert med nytt inntak og fordelingstavle med automatsikringar. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 04.06.2014. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Arealer og fordeling per etasje Primærrom: 97 kvm, Bruksareal: 141 kvm, Bruttoareal: 161 kvmAlle rom er P-rom unnateke: bodareal. BRA pr. etasje: Kjellar: 36 m2Hovudetasje: 75 m2Loft: 30 m2Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 1 056, Eierform: Eiet tomtTomta ligg i helling mot søraust, og er fint opparbeidd med gruslagt parkeringplass ved huset og hage med grøntareal, bergknausar og plantar. Tilkomst Eigedomen har lett tilkomst frå hovudvegen. Parkering I tun. Oppvarming * vedomn i stova* varmekablar i vindfanget, hallen og badet i hovudetasjen, samt varmekablar i hallen og grovkjøkkenet i kjellaren.* anna oppvarming er basert på eletriske varmeomnar. Energimerking Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G Lokalitet Eigedomen ligg vendt mot søraust, med utsikt mot elva og på fint opparbeidd tomt med grøntareal og plantar. Eigedomen ligg i landleg omgjevndadar med spreidd busetnad og med kort avstand til Naustdal med barnehage, skule, nærbutikkar og diverse andre kommunale og private servicetilbod. Veg, vatn, avløp Det er felles privat avkjøyrsle frå fylkesvegen for denne eigedomen og to naboeigedomar.Eigedomen er tilkopla kommunalt vassverk via privat stikkleidning.Privat avløpsanlegg med septikkum med kommunal tømming. Kommunale avgifter Kr. 10 212 pr. år inkl. eigedomsskatt.Eigedomsskatt kr. 3 108 pr. år. Likningsverdi Likningsverdi som primærbustad kr. 329 440,-. Henta frå skatteetaten.no. Avvik kan førekome. Ferdigattest Det føreligg ferdigattest frå Naustdal kommune datert 27.09.1979. Denne ligg vedlagt. Konsesjon Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig. Regulering Eigedomen ligg i LNF-område med spreidd busetnad. Utleige Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld med eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar.
Rating:
Nyttig informasjon
- Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
- Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
- Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
- Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.
Relaterte annonser
-
Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitetHus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €
Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...
-
Geldkredit AngebotBolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør
*Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...
-
Prefabricated housesBolig til salgs - () - Sjekk med annonsør
We are a Latvian company who sells environmentally friendly prefabricated houses at good prices. We are engaged in the production of wooden houses, insulated walls and roof beams are made in our production. And also modular houses. We sell our houses...