Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Einebustad i Aurland med sentral beliggenheit.

Endret: August 23, 2015
  • Sted: Aurland, Aurland

Innhold Sjeldan moglegheit. Flott, liten einebustad i Aurland sentrum. Einebustad med sentral beliggenheit, i gangavstand til alle fasilitetar i Aurland. Standard Einebustad på to etasjar. I tillegg er det bygd eit uthus på tomta. Bustaden inneheld gang, bad, kjøkken, soverom og stove i første etasje. I andre etasje er det to soverom og trappeoppgang. Det er bodar bak knevegger. Bustaden er truleg renovert utvendig med ny kledning og nye vindauge. Det er truleg og isolert ekstra grunna tjukkelsen på veggane, men det er ingen skriftleg dokumentasjon som kan bekrefte dette. Dette er truleg gjort på 1990-talet. Innvendig har bustaden fått utført tiltakt ved fleire høve. Truleg på 1990-talet. I andre etasje er ikkje alt arbeid ferdigstilt. Bustaden er vurdert til å vere i god stand, og det er lagt ned mykje arbeid for å få bustaden i den stand han er idag. Kjøkken med innreiing i laminat. Innreiing frå ca. år 1995. Dørar på innreiing har ein del skader. Badet er ca. frå 1995. På badet er det baderomsplater på veggane, på golv er det belegg. Det er servant, dusjnisje og wc. Det er bevart og renovert ein del av tømmerveggane for å halde det særskilte ved bustaden. Elles er det tregolv. Nokre delar av bustaden er ikkje ferdigstilt og manglar siste del av overflatebehandling på veggar, himling og golv. Uthuset er truleg sett opp i 1956. Dette består av eit grovkjøkken og vaskerom. Det trengs renovering og oppussing for å få uthuset opp til dagens krav til standard. Beliggenhet Eigedommen ligg fint til i byrjinga på gate i sentrum av Aurland. Eigedommen peikar ned mot Aurlandsvangen. Det er gangavstand til alle fasilitetar i Aurland. Det er god tilkomst til eigedommen. Sjå elles vedlagt nabolagsprofil for fleire avstandar. Adkomst Lett tilkomst til eigedommen. Første gata til høgre når ein kjem inn i Aurland sentrum retning frå Lærdal. Nabohuset til Heradshuset, andre huset i gata. Det vil bli skilta med skilt frå Eiendomsmegler Vest under felles visning. Tomtebeskrivelse Relativt flat tomt. Svakt skrånande på framsida av bustaden. Den er opparbeida med plen i framkant av bustaden. Det er også satt opp terrasse på denn sida. Det er grusa innkøyrsel. Eigedommen er inngjerda mot naboar og veg. Eigedommen er ikkje lagt inn i matrikkelkartet med rette grenser. Dette rettast av Aurland kommune, og vil vere i orden ved overtaking. Vei, vann og kloakk Eigedommen er tilknytta offentleg veg, vatn og avløp via private stikkleidningar til offentleg nett. Byggmåte Huset er bygd i tre. Grunnmur er gråsteinsmur som er grovpussa. Delar av grunnmur er kun ringmur. Veggane er oppført i lafteplank frå oppføring, lekta ut og fått ny kledning. Huset er truleg bygd på massar frå området. For ytterlegare opplysningar om byggjemåte, sjå vedlagt takst. Energimerking Energimerke G og oppvarmingskarakter ORANSJE Regulering Eigedommen ligg i eit område regulert for bustad og område for vern av bygningar og anlegg. Det gjerast merksam på at det er regulert byggjegrense mot kyrkja og kyrkjegarden. Dette går fram av plankartet. Fyring / Oppvarming Elektrisk oppvarming. Vedovn i stove.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Hus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €

    Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...

  • Hus i Jörn (Skellefteå)
    Hus i Jörn (Skellefteå)
    Bolig til salgs - Bodø (Nordland) - Sjekk med annonsør

    Byggår1975 boarea 117kvm biarea 37 kvm tomtarea 925 kvm 4 rum och kök , badrum med toalett , toalettrum,tvättrum,garage vedugn ,värmpump,robotklippare. Säljas med inventarier

  • Geldkredit Angebot
    Geldkredit Angebot
    Bolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør

    *Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...