Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Einebustad med garasje. Halvpart ideell andel av naust. Sentralt på Fedje.

Endret: August 20, 2015
  • Sted: Fedje, Fedje

Innhold Kjellar: Gang, vaskekjellar, bod, hobbyrom og kjellarstove. 1.et.: Vindfang/hall, bad, soverom, kjøkken og stove med utgang til terrasse. 2.et.: Gang og 4 soverom. 1/2 part ideell andel i naust med flytebryggje på bnr 272 i Husavågen. Naustet er eit vindhus med vinde og bryggjedører i 3 høgder. Ifølgje seljar har naustet grunnflate på omlag 110 m² og går over 2 etasjar. Standard Dette er ein fin og innhaldsrik bustad, med bra standard og relativ funksjonell planløysing for alderen. Bustaden verkar godt vedlikehalde og er pent brukt. Huset vart vesentleg oppgradert i 1988-89, med bla. ny kleidning, ny takstein og dei fleste vindauga vart skifta i denne perioden. Eit vindauge vart skifta i 2010, og huset er nymalt utvendig. Då bad, vaskekjellar og kjøkkeninnreiing er vorte ein del år, kan ein pårekne oppgradering/fornying av desse. Sjå takst og bilete for ytterlegare informasjon. Naustet er i bra stand og det er skifta ut ein del kleidning og malt seinare år. Flytebryggja ligg på staden, men vart øydelagt i ein storm i vår. Beliggenhet Eigedomen ligg fint til i etablert bustadområde på Husa. Feltet er utbygd med spreidde einebustader. Huset ligg sørvendt, med fin sjøutsikt, samt gode lys- og soltilhøve. Kort gangavstand til skule, kyrkje, butikk og dei fleste servicetilbod på Fedje. Adkomst Frå fergjekaien føl ein vegen forbi kyrkja, ta deretter til høgre forbi butikken. Etter ca. 175 meter forbi butikken, tek ein til venstre, inn Kalvedalen. Følg visningskilt frå EiendomsmeglerVest ved fellesvisningar. Tomtebeskrivelse Tomt med beleggningsstein ved adkomst og utanfor garasje. Gangbaner og trapper rundt huset av betong. Pent opparbeida grøntareal med plen, diverse prydbusker, hekk og hagemurar. Inngjerda tomt. Utmarka (bnr. 276) består av Kjøholmen (3 holmar, ca. 25 mål) og søndre del av Lepsøy (ca 12,5 mål). Her er lett vegetasjon og svaberg. Vei, vann og kloakk Offentleg veg via privat stikkveg. Offentleg vatn via privat stikkleidning. Privat septikkanlegg, som inngår i den kommunale tømminga. Byggmåte Grunnmur er oppført av betong med sparestein. Betonggolv i kjellar, oppfora golv i kjellarstove og bod. Ytterveggar over grunnmur av bindingsverk, kleidd med trekleidning. Saltak av sperr, tekka med betongtakstein. Sjå Boligsalgsrapport for ytterlegare informasjon og for byggjemåte for garasje. Energimerking Ved sal av bustader og bygningar skal det leggjast fram energiattest med energimerke, jf. energimerkeforskrifta. Det føreligg per dags dato ingen energiattest. Regulering Uregulert område. Etter kommuneplanen er bnr. 199 og 355 byggjeområde. Bnr. 276 er ein del av Lepsøy og heile Kjøholmen. Dette er LNF-område etter kommuneplanen. Det pågår ikkje planarbeid i området. Fyring / Oppvarming Varmepumpe (luft-til-luft) og vedomn i stova. Elektrisk oppvarming for øvrig.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Hus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €

    Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...

  • Hus i Jörn (Skellefteå)
    Hus i Jörn (Skellefteå)
    Bolig til salgs - Bodø (Nordland) - Sjekk med annonsør

    Byggår1975 boarea 117kvm biarea 37 kvm tomtarea 925 kvm 4 rum och kök , badrum med toalett , toalettrum,tvättrum,garage vedugn ,värmpump,robotklippare. Säljas med inventarier

  • Geldkredit Angebot
    Geldkredit Angebot
    Bolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør

    *Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...