Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Enebolig Grovefossen 20

Endret: August 16, 2015
  • Sted: Førde, Førde

Standard Bustadhuset har god standard på hovuddelen i bustaden. Dobbel frittståande garasje som i seinare tid har vore oppgradert med nytt sutak, glasert takstein, romsleg isolert bod og oppgradert elektrisk anlegg med spottar framfor portane. Portane er motoriserte og styrast med fjernkontroll. I hovudetasjen er stova lys og elegant. Det er parkett på golvet, måla strie og måla panel på veggane, lasert panel i taket med takhøg himling. Frå stova er det utgang til skiferlagt platting og vestvendt delvis overbygd terrasse. I stova er det laga til ein flott peis i kontinetal stil med steinplater i marmor. Det er også montert luft til luft varmepumpe i stova. Det er også montert eswa golvvarme i dei fleste romma i denne etasjen.Kjøkkenet har skipsgolv, måla strie og målt panel på veggane og måla panel i taket. Kjøkkenet har plass til spisebord og det er skyvedør frå kjøkkenet mot stova. Kjøkkeninnreiinga er frå 2003 frå Møre kjøkken med frontar i beisa eik og mahogni benkeplate. Kvitevarene er gjennomgåande av merket Miele, og det er stor induksjonstopp, steikeomn, mikrobølgjeomn, kaffimaskin og oppvaskemaskin. I tillegg er det integrert kjølehjørne med nytt aggregat. Over benkeplata er det flis av marmor. Dei to soveromma har eikeparkett på golva, måla strie på veggane og takess i taket. Begge soveromma har god skåpplass. Badet har standard frå byggjeåret. Det er belegg med varmekablar i golvet, tapet på veggane og takess i taket. Baderomsinnreiinga består av servant i underskåp, overskåp, spegel, lysarmatur og badekar.Toalettet er overflatemodernisert og har måla belegg på golvet, måla strie på veggane og takess i taket. Innreiiinga består av toalett og servant. I gangen er det parkett på golvet, måla strie på veggane og takess i taket. Frå gangen er det luke til kaldloftet med god lagringsplass.I underetasjen har vindfanget og entréen flislagt golv med golvvarme, måla strie og måla veggar, måla panel i taka. Det er montert praktisk skyvedørsgarderobe med spegelfrontar i gangen. Trappa frå entréen til hovudetasjen er ny og har Jatoba tre i trinna.Soverommet er romsleg og har tidlegare vore brukt til tv-stove. Det er parkett på golvet, måla strie på veggane og måla panel i taket.Vaskerommet har standard frå byggjeåret og har behov for oppgradering. Det er belegg med varmekablar i golvet og målte veggar og tak. Romsleg vaskerom med opplegg for vaskemaskin og tilrettelagt for toalett og servant. Belegget i golvet er delvis opna for montering av nye avlaupsrøyr, og tilretteleggjing for toalett/baderomsinnreiing.Det er to boder i underetasjen der den eine er innreidd som vinkjellar. Vinkjellaren har god, stabil temperatur og eignar seg godt til lagring av vin. Det er flis på golvet, målte veggar og måla tak med spottar. Vin reolane følgjer ikkje med i salet. Den andre boda har belegg på golvet, målte veggar og takess i taket. Uteleigeeininga:Vaskerommet/vindfanget har belegg med varmekablar på golvet, måla strie på veggane og takess i taket. VVT, enkel vask og opplegg for vaskemaskin.Gangen har teppe på golvet, måla strie på veggane og panel i taket. Badet har belegg med varmekablar i golvet, baderomstapet på veggane og takess i taket. Baderomsinnreiinga består av innreiing med kvite frontar, dobber servant, veggmontert dusj med dusjvegg og toalett. Dei to soveromma har laminat og belegg på golva, måla strie og måla profilerte plater på veggane, panel i taket. Frå det eine soverommet er det dør ut.Stova har laminat på golvet, måla strie på veggane og måla panel i taket. Kjøkkenet har belegg med varmekablar i golvet, måla panel og måla strie på veggane, panel i taket.  Kjøkkeninnreiing med kvite frontar frå Norema og laminert benkeplate. Kvitevarene følgjer med i salet med unnteke av oppvaskmaskina. Eigedom Grovefossen 206810 FørdeFrittliggande einebustad med romsleg garasje og gode leigeinntekter i etablert bustadområde i Grovefossen i Førde. Eigedomen har gode solforhold med sol kvar dag heile året.Eigedomen er utbygd med eit bustadhus frå 1986/1987 og ein dobbel garasje frå 1992 med eit nyare tilbygg for bod. I 2003 vart del av underetasjen i bustadhuset ombygd for utleige. Denne delen kan enkelt takast inn att i hovuddelen om ein ønskjer det. Innhald Bustaden går over to plan.I hovudetasjen er det ei romsleg stove som naturleg er delt opp i salong, spiseplass, bibliotek og tv stove. Frå stova er det utgang til delvis overbygd vestvendt terrasse og hage. Kjøkkenet har plass til spisebord, det er to soverom, bad, toalett og gangareal med luke til mørkeloft. Mørkeloftet har god takhøgde og det er lagt golv, noko som gir god lagringsplass.I underetasjen er det vindfang og hall med trapperom og garderobe, eit romsleg soverom, vaskerom og to boder der ei av bodene er innreidd som vinkjellar.I 2003 vart del av underetasjen ombygd for utleige. Denne er det lett å ta inn att i hovudhusværet. Innhaldet i denne er: stove, kjøkken med spiseplass, to soverom, bad, gang og vindfang med opplegg for vaskemaskin. Leigeinntektene er kr. 8 000,- pr. mnd. Straumen går på eigen målar og leigetakarane har eige abonnement. Det ligg ikkje føre dokumentasjon på at dette er ei godkjent bueining, og at det er søkt  om bruksendring på bustaden. I tillegg til bustaden er det ein dobbel garasje som er tilbygd med ei romsleg isolert bod i bakkant. Kvitevarer Kvitevarene som er på kjøkkenet samt vaskemaskin i utleigedel følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel i hovuddelen følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med. Steinbenk ved inngangspartiet følgjer ikkje med. Byggjemåte Grunnmuren er av betong med innvendig utforing og tilleggsisolering. Golvet i underetasjen er av betong, delvis med tilfarargolv.Etasjeskilja er av betongdekke med nedlekta himlingar og delvis med tilfarargolv.Ytterveggane i fasade mot sør og ytterveggane over grunnmuren er av 6" isolert bindingsverk med utvendig kledning av trepanel.Takkonstruksjonen har saltakform, delvis med kaldloft og delvis med isolerte og ventilerte skråtak. Taktekkinga er av betongtakstein med undertak av trefiberplater.Vindauga har trekarmar med 2-lags glas og gjennomgåande sprossar. Ytterdører med måla overflater. Skyvedør frå stova til skiferterrasse i fasade mot nordvest. Altandør i stova med utgang til vest og sørvendt veranda. I samband med ominnreiing for utleige og installasjon av kjøkken i utleigedelen, vart det lagt rør i rør til kjøkkenet i underetasjen. I vaskerommet er det ettermontert avløp for eventuell montering av toalett og montert fornikla synleg røropplegg for ei eventuell montering av klosett og servant. Sanitæranlegget har elles standard frå byggjeåret med vassrør av kopar og avløpsrør av plast. 300L varmtvasstank i hovudhusværet. 200L varmtvasstank i utleigedelen. Det eletriske anlegget har skjult installasjon og fordelingsskåp med automatsikringar. Garasjen står på fundament og plate på mark av betong. Ytterveggane som står mot terrenget er av betongsteinsmur med murpussa overflater. I tilbygget for boda er det betongvegg mot nord og aust. Andre ytterveggar er av 4" bindingsverk med utvendig kledning av trepanel. Takkonstruksjonen har saltakform med taktekking av glasert teglstein og undertak av trefiberplater. Det er to beisa leddportar med el.drift.Boda har måla betonggolv, veggar med våtromslaminat og tak med måla plater. Boda er isolert. Eletrisk anlegg er installert. Det er ikkje innlagt vatn, men tappekran som kan koplast på hageslange frå huset. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 18.09.2014. Kjøpar pliktar å gjere seg  kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Arealer og fordeling per etasje Primærrom: 234 kvm, Bruksareal: 247 kvm, Bruttoareal: 272 kvmAlle rom er P-rom unnateke: bodareal.BRA pr. etasje: Hovudetasje: 119 m2Underetasje: 128 m2Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 1 112, Eierform: Eiet tomtEigedomen ligg sørvendt med flott utsikt mot Vie. Den er lettstelt og fint opparbeidd. Tilkomsten er delvis felles med nabo og erasfaltert. Frå garasjen er det ei skiferlagt trapp med smijern gelender opp til huset. I trappa er det varmekablar som kan koplast til. Ved inngangen er det skiferlagt platting og overbygg med spottar ved inngangspartiet. Steinbenk ved inngangen følgjer ikkje med. Det er også skiferplatting langs fasaden mot nord. På baksida av huset er det hage og naturtomt rundt ein fiskedam som er innråma av skifer. Tomta ligg på planert steinfylling med gråsteinmur mot den kommunale vegen. I fase mot aust, ved inngangen til utleigedelen, er det singel. Tomta er elles bevart som naturtomt med naturleg terreng og vegetasjon.På nordsida av huset er det fiskedam med reinseanlegg og pumpe for sirkulasjon til "kunstig" bekk. Fisk, tekninsk reinseanlegg og tank for oppbevaring av fisk vinterstid følgjer ikkje med i salet og vert fjerna før overtaking av eigedomen. Dersom kjøpar av eigedomen er interessert i å kjøpe dette anlegget med fisk kan dette diskuterast direkte med seljar. Tilkomst Eigedomen har lett tilkomst frå kommunal veg. Parkering Parkering i dobbel garasje og på tun. Oppvarming * Peis og luft til luft varmepumpe i stova i hovudetasje.* Golvvarme i badet, vaskerommet, gangen og vindfanget i hovudhusværet.* Golvvarme i vaskerom og bad i utleigeeininga. * Anna oppvarming er basert på elektriske varmeomnar. Energimerking Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter D Lokalitet Eigedomen ligg i etablert bustadfelt i Grovefossen i Førde med 10 minuttars gangavstand til barnehagar, skular, butikkar, Førde sentralsjukehus og sentrum. Veg, vatn, avløp Offentleg. Kommunale avgifter Kr. 17 818 pr. år inkl. eigedomsskatt.Eigedomsskatt for bnr. 210 kr. 4 797,- pr. år.Eigedomsskatt for bnr. 511 kr. 103,50 pr. år. Likningsverdi Likningsverdi som primærbustad kr. 1 065 560,- pr. 31.12.2013. Henta frå skatteetaten.no. Avvik kan førekome. Ferdigattest Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 24.05.1988. Denne ligg vedlagt. Det er gjort endringar på bustaden etter ferdigattesten var gjeve. Konsesjon Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig. Regulering Regulert til bustadføremål Utleige Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld med eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden  dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel.  Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Bustadkjøparforsikring Ein gjer kjøpar merksam på at ein har anledning til å teikne bustadkjøparforsikring. Forsikringa gir kjøpar bistand etter avhendingslova og dekkjer all advokatbistand, skadetakstar og kostnader til rettsapparatt. Forskringa har ingen eigenandel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Les meir om forsikringa i eige vedlegg eller på http://www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • Pen 2-roms B/L-leilighet med fjordutsikt
    Pen 2-roms B/L-leilighet med fjordutsikt
    Eiendom - (Førde) - Sjekk med annonsør

    Standard 2. ETASJE:Vindfang og gang har belegg på gulv, malte vegger og malt tak. Sikringsskapet er montert i vindfanget. Stue har belegg på gulv. På veggene er det malt strie og malt brystningspanel. Takplater i tak. Fra stuen er det utgang til ver...

  • Leilighet i Førde, Sogn og Fjordane.
    Leilighet i Førde, Sogn og Fjordane.
    Hus - Leiligheter til leie - (Førde) - Sjekk med annonsør

    Jeg er en jente født 23.10.93. Jeg trenger et sted å bo i Førde, for jeg begynner på skole den 16.08.2010! Trenger det så fort som mulig.

  • VISNING 13/10 - Renovert 4-roms rekkehusvære med garasje, utsikt til Førdefjorden og sol hele året!
    VISNING 13/10 - Renovert 4-roms rekkehusvære med garasje, utsikt til Førdefjorden og sol hele året!
    Eiendom - (Førde) - Sjekk med annonsør

    Standard 3. etasje: Vindfang: Teppe på gulv. Malt strie på vegger. Malte flater i tak. Det er montert sikringsskap med automatsikringer. Stue: Parkett på gulv. Panel og malt tapet på vegger. Panel i tak med loftsluke til kaldloft med gulv og lys. Fi...