Sjekk med annonsør Flott fritidseigedom med uthus, låve, naust og sjøtomt med molo/kai
- Sted: Askvoll, Askvoll
Standard Bygningen har enkel eldre standard. Innvendige veggar har målte overflater på underlag av plater, tynnfinerplater, tøvverveggar og maskinpapir. Golva har belegg, laminatgolv, målte og ubehandla tregolv. I taka er det målte overflater på underlag av plater, maskinpapir og trepanel. Badet har belegg på golvet og målte veggplater. I kjellaren er det betonggolv, gråsteinsmurar og tak delvis med opne bjelkelag og delvis med underkledning av plater. Eigedom Underset6984 StongfjordenEigedomen er eit eldre gardstun på Underset i Asvoll kommune. Eigedomen har tre parasellar og i tillegg bruksrett til nausttomt.Gnr. 5, bnr. 21 er i matrikkelen reigisteret med eit areal på 2115,6 m2, og er gardstunet som er utbygd med eit bustadhus, eit uthus og ein driftsbygning.Gnr. 5, bnr. 22 er i matrikkelen registrert med eit areal på 428 m2, og er ei sjøtomt med ein mindre steinmolo i strandlinja sørvest for tunet.Gnr. 5, bnr. 23 er i matrikkelen registrert med eit areal på 1172,5 m2, og er ei sjøtomt med gode hamnetilhøve om lag 2 km vest for tunet. Det er køyrbar veg til sjøen. Gnr. 5, bnr. 1 eig ytterste del av piren og har bruksrett til tilkomstveg. Ei hytte i nærområdet har båtplass på eigedomen med rett til adkomst. Tilhøyrande naust og nausttomt står i strandlinja om lag 100 m sør for tunet. Gnr.5, bnr.21 har bruksrett og rett til adkomst til desse. Heimelshavar til grunnen kor desse ligg er gnr.5 bnr.1. Innhald Hovedhuset er på to plan i tillegg til kjellare utan målbart areal. Bustaden har følgande innhald:Hovudetasje: to stover, kjøkken, bad, vindfang, gang med trapperom til overetasjen og bod.Overetasje: gang med trapperom og tilkomst til tørkeloft, fem soverom, kott og ei bod. Kvitevarer Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med. Byggjemåte Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 29.04.2014.Byggjeåret på bustadhuset er frå eigar opplyst til å vere rundt 1910, men del av tømmerkonstruksjonen er gjenbruk frå ein eldre bygning. Grunnmuren er av naturstein. I kjellaren er det betonggolv. Etasjeskilja er av trebjelkelag. Ytterveggane over grunnmuren er av lafta tømmerplank, med utvendig kledning av eternitplater på vestveggen og med trepanel på andre veggar. Takkonstruksjonen har saltakform med arkutbygg mot sør. Taktekkinga er av skiferheller med undertak av taktro. Tilbygget i fasade mot nord står på ringmurar av betong. golvet er delvis av trebjelkelag og delvis av betongplate på grunn. Ytterveggane i tilbygget er av 4" bindingsverk med utvendig kledning av trepanel. Tilbygget har skråtak med taktekking av eternitplater. Ved inngangen er det overbygd platting med taktekking av lysplater. Frå den eine stova er det utgang til vestvendt veranda og frå den andre stova er det utgang til hagen. Vindauga har trekarmar med 2-lags glas frå 1970-talet og eldre karmar med enkle -og kopla glas. Takvindauge er av eldre standard med jernramme og enkelt glas. Sanitæranlegget har enkel standard med open installasjon, vassrør av kopar og avløpsrør av soilrør. Avløpet frå kjøkkenet går ut gjennom ein open kum i kjellaren, avløpet frå andre installasjonar går til septikkummen. Det eletriske anlegget har open installasjon og fordelingstavle med skursikringar. Anlegget er av eldre standard. Driftsbygningen er ein eldre bygning, truleg oppført rundt 1910. Grunnmuren er av naturstein. I 1. etasje er det fjøsrom med golv av betong og ytterveggar av teglsteinsmurar, bygningen har elles ytterveggar av grindverk og tredekke. Utvendig kledning er av trepanel, stålplater og Onduline plater. Takkonstruksjonen har saltakform med halvvalmar og taktekkinga av teglstein, bølgjeblekkplater og eternitplater. I tillegg er det eit utbygg for siloar og eit utbygg for gjødsellager.Uthuset står på ringmur av betong. Golvet er av beontplate på grunn. Ytterveggane er av 4" bindingsverk med utvendig kledning av trepanel og med innven dig kledning av trepanel i eit rom. Etasjeskiljet mellom 1. etasje og lfotet er av trebjelkelag med tregolv. Takkonstruksjonen har saltakform med taktekking av skiferheller på undertak av taktro. Det er eit nytt vindauge med 2-lags glas, andre vindauge er av eldre standard med enkle glas. El. anlegg er installert. 1. etasje er avdelt i eit hobbyrom og eit lagerrom med trapp til loftet. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Arealer og fordeling per etasje Primærrom: 129 kvm, Bruksareal: 143 kvm, Bruttoareal: 152 kvmAlle rom er P-rom unnateke: bodareal. BRA pr. etasje: Hovudetasje: 78 m2Overetasje: 65 m2Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 3 716, Eierform: Eiet tomt Fint opparbeidd tomt med hage med grøntareal og plantar. Tilkomst Tilkomst frå kommunal veg. Parkering Parkering på tunet. Oppvarming Vedkamin i den eine stova. Anna oppvarming er basert på eletriske varmeomnar. Lokalitet Eigedomen ligg vendt sørvendt i flott naturområde med gode tilhøve for fiske og friluftsliv. Nydeleg utsikt til fjorden og mot Stongfjorden, Granesundet, Atløy og øyane i vest. Avstand til nærbutikk ca. 9 km, barne -og ungdomsskulen ca. 22 km unna og til Askvoll sentrum ca. 23 km. Gåavstand til bussholdeplass. Veg, vatn, avløp Offentleg veg. Eigedomen har privat brønn med normalt stabilt tilsig.Avløpet går til privat eldre septikkum med kommunal tømming. Kommunale avgifter Kr. 1 181,25 pr. år Likningsverdi 31.12.2013.Henta frå skattetaten.no. Avvik kan førekome. Ferdigattest Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Askvoll kommune. Konsesjon Gnr.5 bnr.22 og bnr.23 er ubebygde parsellar er det her krav om eigenerklæring om konsesjon. Regulering LNF (Landbruk, natur og fritid) område i følgje Askvoll kommune. Utleige Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld med eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar.
Rating:
Nyttig informasjon
- Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
- Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
- Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
- Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.
Relaterte annonser
-
Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitetHus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €
Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...
-
Geldkredit AngebotBolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør
*Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...
-
Prefabricated housesBolig til salgs - () - Sjekk med annonsør
We are a Latvian company who sells environmentally friendly prefabricated houses at good prices. We are engaged in the production of wooden houses, insulated walls and roof beams are made in our production. And also modular houses. We sell our houses...