Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Flott hytte med funksjonelle løysingar og gode soltilhøve. Båtfeste. Mjømna.

Endret: August 22, 2015
  • Sted: Gulen, Gulen

Innhold Entrè med omkleidningsrom, bod, bod/vaskerom, bad, 3 soverom og stove med open kjøkkenløysing og utgang til terrasse. Innreiia loft med golvareal på ca. 20 kvm. Loftet er ikkje måleverdig grunna låg takhøgd. Stor utvendig bod. Standard Dette er ein flott hytte med god standard og svært funksjonell planløysing. Her er gjennomtenkte løysingar for allsidig bruk. Allereie ved inngangspartiet har ein overbygd plass for krabbekoking, like ved utegrillen og steingruppa. Vidare inn i hytta har ein omkledningsrom ved entrè, stor bod/vaskerom med benk for sløying av fisk og plass til fryser. Flott heilflisa bad med pent møblement og steamdusjkabinett. Stove med mønt himling og open kjøkkenløysing. Kjøkkeninnreiinng med halvøy, kvite profilerte frontar og integrerte kvitevarer. Lys og triveleg stove med maritimt tema og pipe/brannmur kleidd med skifer. Frå stova er det òg flott utsikt over nærområdet og utover sjøen/sundet. Innreiia loft med golvareal på over 20 kvm. Bak hytta er stor sportsbod for oppbevaring av båtutstyr, fiskereidskapar osb. Sjå takst og bilete for ytterlegare informasjon. Beliggenhet Eigedomen ligg fint til i nyetablert område som er utbygd med frittliggjande fritidsbustader. Hytta er vestvendt, med flott utsikt til sjø, samt svært gode lys- og soltilhøve, med sol til ca. 22:30 midtsumars. På naboøya, Byrknes, som ligg ti minutter unna med bil, er butikk, post og spisestad med sjenkebevilling. Frå Mjømna er det ca. 13 minutt å køyre til Skjerjehamn, som var eit knutepunkt for skipstrafikken på Veslandet , ved den indre hovudleia langs kysten. Staden var eit vidkjent kremmerleie og handelstad. Handelsstaden er har no vorte rusta opp til ein modernisert samlingspunkt langs sjøleia, med årleg "utkantfestival", overnattingstilbod, matservering, båtfasilitetar mm. Området er eit eldorado for fiske, dykking, båtturar og naturopplevingar. Merka turstiar til toppen av Mjømnefjellet, med sin fantastiske utsikt, startar like ved hyttefeltet. Det er òg kort gangavstand til turområder langs strandlinja. Adkomst Frå Bergen køyrer ein E39 til Knarvik og vidare rv. 57 forbi Mongstad til Leirvåg ferjeleie. Frå Sløvåg tek ein av til venstre på den nye vegen mot Byrknesøy. Ta til høgre mot Mjømna eit lite stykke etter Mjåsundbrua. Følg vegen til endes, ca 3 km. Vegen inn i hyttefeltet er like forbi kyrkja. Ta deretter andre veg mot høgre. Hytta ligg i søraustre del av hyttefeltet. Følg visningsskilt frå EiendomsmeglerVest ved fellesvisningar. Reisetid frå Bergen med bil ca. 1time og 45 minutt (inkl. ferge Leirvåg - Sløvåg). Sjå www.norled.no for rutetider. For avgangar med Fjord1 Fylkesbaatane til Eivindvik og Solund, samt Bergen. Sjå www.fjord1.no for rutetider. Tomtebeskrivelse Grusa adkomstveg. Pent opparbeida og lettstelt tomt, med beleggningstein i tunet, gråsteinsmurer med grill, sitjegruppe i massive steinblokker og dekorative bed. Utanfor stova er det delvis overbygd terrasse på ca. 52 kvm., med spotlights og stemningsskapande lys i rekkverket. Skiferbelagt areal for sitjegruppe i morgonsol. Barnevenleg plen for leik og moro. Avskjerma areal i bakkant av hytta, for oppbevaring av td. ved, hage- og fiskereidskaper. Med opparbeida plassar for sitjegrupper på 3 sider av hytta, kan ein flytte seg rundt etter utsikt, vind- og soltilhøve! Vei, vann og kloakk Felles privat veg inn i hyttefeltet. Vatn frå Mjømna vassverk (privat). Felles privat avlaupsanlegg. Byggmåte Ringmur av betong. Krypkjellar. Etasjeskille av trebjelkelag. Ytterveggar av bindingsverk med liggjande trekleidning. Lukka takkonstruksjon av sperr på limtredragar i mønet. Taket er tekka med betongtakstein. Sjå takst for ytterlegare informasjon. Energimerking Eigedomen er energimerka, kopi av energiattesten kan ein få ved å kontakte meklar. Energimerke D og oppvarmingskarakter ORANSJE Regulering For eigedomen gjeld kommuneplan for Gulen kommune, planID 2012001 og 2012002. Regulert område. I følgje gjeldande plan er arealbruken for eigedomen fastsett til fritidsbustader. Fyring / Oppvarming Vedomn med tilførsel av tilluft i stova. Eswa golvvarme i dei fleste rom, utanom soveromma.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Hus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €

    Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...

  • Hus i Jörn (Skellefteå)
    Hus i Jörn (Skellefteå)
    Bolig til salgs - Bodø (Nordland) - Sjekk med annonsør

    Byggår1975 boarea 117kvm biarea 37 kvm tomtarea 925 kvm 4 rum och kök , badrum med toalett , toalettrum,tvättrum,garage vedugn ,värmpump,robotklippare. Säljas med inventarier

  • Geldkredit Angebot
    Geldkredit Angebot
    Bolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør

    *Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...