Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Frittliggande einebustad

Endret: August 24, 2015
  • Sted: Askvoll, Askvoll

Standard Bustaden har livslaupsstandard og er normalt godt vedlikehalden. Innvendige veggar har tapet og måla overflater på underlag av strie. Det er takess i taket og belegg på golva. Hovudetasje:I vindfanget og gangen er det skyvedørsgarderobar. Sikringskåpet er plassert i vindfanget. Stova er i dels opa løysing med kjøkkenet. I stova er det montert vedomn og det er utgang til terrasse.Kjøkkenet har innreiing frå Norema med kvite frontar, laminert benkeplate og støypt oppvaskkum. I innreiinga er det integrert induksjon, steikeomn, oppvaskmaskin og kjølehjørne. Ventilator er montert i ventilatorskåp. Det er plass til spisebord i kjøkkenet. Soverommet har godt med skåpplass. Korgskuffene blir fjerna.Badet har baderomsplater på veggane og varmekablar i golvet. Innreiinga består av servant i underskåp, spegel, dusjhjørne med hengsla dusjveggar og vegghengt toalett. Vaskerommet har målte vegga. Innreiinga består av underskåp, laminert benkeplate med nedfelt skyllekar og tilkopling for vaskemaskin. I boda er det hyller og skåp. Overetasjen:Det er tre soverom i overetasjen. Frå det eine soverommet er det utgang til overbygd veranda. Soveromma har godt med skåpplass. Tilgang til kott i kneveggane.Badet har våtromstapet på veggane. Innreiiinga består av servant, badekar, dusjvegg og toalett. Spegelen vil bli fjerna. Det er baderomsvifte med eigen brytar. Det er to boder og gangareal på loftet. Den eine boda har tilgang frå eitt av soveromma. Eigedom Holmedal6982 Holmedal Innhald Einebustaden går over to plan med følgande innhald:Hovudetasje: vindfang, stove, kjøkken, soverom, gang, bad, vaskerom og bod. Overetasje: tre soverom, bad, gang og tre boder. Kvitevarer Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med. Byggjemåte Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Trond Gjesdal, datert 26.09.2013.Fundament på planerte massar. Ringmur og støypt plate med isopor på terreng.Ytterveggane over grunnmuren er av 6" isolert bindingsverk med bordkledning av trepanel. Det er opplyst av bordkledningen vart måla i 2010. Etasjeskilja er av trebjelkelag. Ytterdør i trevirke med vindaugefelt. I stova og i det eine soverommet er det verandadør. Innvendig er det furudører. Vindauga har 2-lags isolerglas i trekarm frå byggjeår. Takkonstruksjonen er oppbygd av A-takstolar, og har taktekking av betongtakstein og undertak av trefiberplater. Det er opplyst beslaga som er montert på vindskiborda er av nyare dato. Takrenner og nedlaup er i plast. Det er monterte snøfangarar og stigetrinn for tilkomst til pipa. Overygg over inngangspartiet med snøfangarar. Langs delar av nordfasaden er det overbygg med taktekking av shingel på underlag av rupanel.Sikringsskåp med automatsikringar og overspenningsvern. Det er montert utelamper. Bustaden har mekansik avtrekk for kjøkken, bad og vaskerom. På badet på loftet er det eigen baderomsvifte. Det er opplyst av det i 2013 vart montert ny motor for ventilasjonsanlegget.Sanitæranlegget har standard frå byggjeår med vannrør av rør i rør med rørsentralen på vaskerommet. Utekrane for tilkopling for hageslange. Frå stova er det tilkomst til aust -og sørvendt veranda i trekonstruksjon med søyler som er forankra i betongfundament. I loftsplanet er det tilkomst til ei mindre austvendt veranda med overbygg.  Langs delar av nordfasaden er det overbygg/carport. Takkonstruksjonen av taksperr med taktekking av shingel på underlag av rupanel. Over ringmur av betongblokkstein er det yttervegg i bindingsverk med bordkledning av trepanel.  Kjøpar pliktar å gjere seg  kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Arealer og fordeling per etasje Primær-rom: 125 kvm, Bruksareal: 135 kvm, Bruttoareal: 144 kvmAlle rom er P-rom unnateke: bodareal. BRA pr. etasje: Hovudetasje: 86 m2Overetasje: 49 m2Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 1 422, Eierform: Eiet tomtEigedomen består av to teigar der oppført tomteareal er samla areal for begge teigane. Det er felles gangrett til sjøen og vedlikehold av tilkomstveg er fordelt på tre eigedomar.Tomta er opparbeidd med gjerde, plantar, grønatareal, mur av naturstein og veranda i trevirke. Tilkomst Lett tilkomst frå hovudvegen. Parkering Parkering på tunet. Oppvarming - vedomn i stova- varmekablar i badet- anna oppvarming er basert på eletriske varmeomnar Energimerking Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter D Lokalitet Eigedomen ligg i søraustvendt terreng med fin utsikt over fjorden. Gangavstand til Holmedal sentrum med barnehage, Montesorriskule, post i butikk, Helle knivfabrikk og båthavn. Ca. 8,5 km til Askvoll med barne -og ungdomsskule, idrettshall, butikkar, post, bank og legesenter. Veg, vatn, avløp - eigedomen ligg til fylkesveg og er knytt til offentleg vatn- privat avløpsystem Kommunale avgifter Kr. 9 475 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt. Likningsverdi Likningsverdi som primærbustad kr. 406 529,- pr. 31.12.2013. Henta frå skatteetaten.no. Avvik kan førekome. Ferdigattest Det føreligg midlertidig bruksløyve frå Askvoll kommune datert 08.03.2001.Denne ligg vedlagt. Det føreligg ikkje ferdigattest frå Askvoll kommune. Konsesjon Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig. Regulering Eigedomen ligg i LNF-område. Utleige Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad føremål. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld med eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden  dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel.  Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Hus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €

    Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...

  • Geldkredit Angebot
    Geldkredit Angebot
    Bolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør

    *Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...

  • Prefabricated houses
    Prefabricated houses
    Bolig til salgs - () - Sjekk med annonsør

    We are a Latvian company who sells environmentally friendly prefabricated houses at good prices. We are engaged in the production of wooden houses, insulated walls and roof beams are made in our production. And also modular houses. We sell our houses...