Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Herskapeleg eine-/fritidsbustad med fin utsikt og gode soltilhøve! Sandnes.

Endret: August 14, 2015
  • Sted: Masfjorden, Masfjorden

Innhold Kjeller: Eigen inngang, kjellarrom, 4 bodar, vaskekjellar, wc og bad. 1.et.: Entrè/hall, soverom, leikerom, kjøkken, 3 stover og veranda-rom. 2.et.: Gang, wc, eldre kjøkken, 6 soverom og trapperom til loft. Loft: Gang og innreiia rom med knèkott. Uthus. Standard Dette er ein herskapeleg og innhaldsrik einebustad med "sjel". Det opprinnelege preget med er godt bevart, med god takhøgd, tømmerveggar, flotte 5-speils dører og dekorative støypejernsomnar. Enkelt bad med vassklosett og dusjkabinett, samt nyare kjøkken, gjer at bustaden tilfredstiller dagens ynskjer om brukarvenlegheit. Huset for øvrig har stort sett eldre standard og er vedlikehalde ved behov. Dog er kleidning mot aust og mesteparten av kleidninga mot vest skifta i henholdsvis 2009 og 2000, samt ein del av vindauga er skifta frå 1992 og utover. Kjøkkeninnreiinga vart sett inn i 2009 og det vart etablert wc-rom i 2. et. i år 2000. Frå bustaden er det fin utsikt sjøutsikt til Fensfjorden og Duesund, samt gode lys- og soltilhøve. Sjå takst og bilete for ytterlegare informasjon. Beliggenhet Eigedomen ligg fint og sentralt til på Sandnes/Masfjordnes, kor kommuneadministrasjonen held hus og som tradisjonelt har vore den naturlege samlingsplassen då sjøvegen var hovudfartsåra i kvardagen. Sandnesbutikken landhandel ligg på bryggjekanten like nedanfor bustaden, og har det ein treng av daglegvarer og drivstoff til båtar. Her finn ein òg fiskeutstyr og lokal håndverkskunst, og administrerar rorbuer for utleige. Den årlege fiskefestivalen trekkjer mykje folk frå nær og fjern, og lokale krefter byr på dans og bryggjefest. Masfjorden er eit eldorado for natur- og friluftsinteresserte, med både sjø- og ferskvassfiske i kort avstand frå eigedomen. To badestrender ligg like i nærleiken, lett tilgjengeleg frå både sjø og land, med bord, benker og toalett til fri benyttelse. Flotte turmogleikar, spesielt i Masfjordfjella. Stordalen skisenter ligg ca. 50 km. frå eigedomen. For dei historieinteresserte er Kvamsdals Fargeri som var i drift frå 1889 - 1954 og Sandnes kyrkje fra ca 1850 aktuelle objekt. Adkomst Frå Knarvik køyrer ein nordover på E39, forbi Ostereidet, og tek til venstre inn på fv. 570 like før Eikefettunnellen. Følg vegen til utover fjorden til ein kjem fram til Masfjordnes. Ca. 1 time og 15 minutt å køyre frå Bergen, ferjefritt! Følg visningskilt frå EiendomsmeglerVest ved fellesvisningar. Tomtebeskrivelse Stort sett inngjerda og liten tomt med skiferareal, trapper i betong og noko grøntareal med plen og diverse beplantning. Vei, vann og kloakk Offentleg veg. Offentleg vatn via private stikkleidningar. Kommunen har ingen opplysningar om avlaupstilhøva. Mest sannsynleg er det direkte utslepp til sjø. Byggmåte Betonggolv i underetasje. Grunnmur er oppført av gråsteinsmur, som er pussa/betongslått. Ytterveggar over grunnmur er oppført av pløgd tømmer/plank med trekleidning. Saltak og ark av sperr, tekka med skifer. Sjå Boligsalgsrapport for ytterlegare informasjon. Energimerking Eigedomen er energimerka, kopi av energiattesten kan ein få ved å kontakte meklar. Energimerke G og oppvarmingskarakter ORANSJE. Regulering Uregulert område. Arealbruken for eigedomen er fastsett til bustad. Eigedomen ligg innanfor restriksjonsgrense; 100 m beltet mot sjø og faresone ras- og skredfare. Fyring / Oppvarming Huset har to teglsteinspiper, der ei ikkje er i bruk. Dekorative støypejernsomnar og mindre vedomnar i dei fleste av soveromma. Varmekablar i golv på bad. Elektrisk oppvarming for øvrig.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Hus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €

    Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...

  • Hus i Jörn (Skellefteå)
    Hus i Jörn (Skellefteå)
    Bolig til salgs - Bodø (Nordland) - Sjekk med annonsør

    Byggår1975 boarea 117kvm biarea 37 kvm tomtarea 925 kvm 4 rum och kök , badrum med toalett , toalettrum,tvättrum,garage vedugn ,värmpump,robotklippare. Säljas med inventarier

  • Geldkredit Angebot
    Geldkredit Angebot
    Bolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør

    *Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...