Sjekk med annonsør Idyllisk, sørvendt eigedom med flott utsikt mot Dalsfjorden på Helle i Askvoll kommune
- Sted: Askvoll, Askvoll
Standard Hovudetasje:Gangen har belegg på golvet, målte plater på veggane og i himlinga. Frå gangen er det trapp til loftet og dør inn til kjøkkenet. Kjøkkenet har belegg på golvet, målte plater på veggane og målt panel i himlinga. Kjøkkeninnreiinga er av eldre plassbygd standard med målte overflater. Godt med skåpplass i innreiinga. Frå kjøkkenet er det tilkomst til bod, som har eigen inngang frå hageareal/oteområde. Ytterdør til bod var ny i ca. 2005.I boda er det fliser på golvet, målta panel på veggane og målte plater i himlinga. Det er innebygde skåp i boda.Badet har inngang under trappa. På golvet er det fliser, målte plater på veggane og i himlinga. Baderomsinnreiinga består av servant i underskåp, dusjkabinett og klosett. Dette rommet vart modernisert med blant anna ny innreiing, dusjkabinett og klosett i ca. 2011. To-delt stove med doble dører. I den eine stova er det lenoleum på golvet, tapet på veggane og målt panel i himlinga. Den andre stova har lenoleum på golv, målt tømmer på veggar og måla panelhimling. Det er montert ein nyare vedomn i stova, i ca. 2005. Frå stova er det tilkomst til innebygd veranda/karnapp med målte tregolv, målte veggar og målt panel i himling. Karnappet er nyoppført i ca. 2006.Loft:Gangen i loftet har lenoleum på golv, målte veggar og målt panel i himling. Frå gangen er det trapp opp til kaldloftet. Det er tre soverom på loftet. Det eine soverommet har måla tregolv, målte veggar og målt panel i himling. Frå dette soverommet er det tilkomst til ei sovealkove og ei bod. Sovealkova og boda har målt belegg på golva målte veggar og målt panel i himlinh. Soverommet med karnapp har måla golvbelegg, målte veggar og målt panel i himling. Plassbygde skåp på dette rommet,Det tredje soverommet har nyare belegg på golv, og målt panel på veggane og i himling. Frå soverommet er det tilkomst til sovealkove med måla tregolv målt panel på veggane og målt panel i himling.I tillegg er det tilkomst til sovealkove frå gangareal. Måla belegg på golv, ellers måla panel.Kjellar:Kjellaren har enkel standard med golv av betong, veggar med murpuss overflater og ubehandla teglstein. Tak delvis med stubbegolv og delvis med målt panel. Det er tre boder i kjellaren. Den eine er brukt som vaskerom med VVT, eldre servant, vaskemaskin og det er god plass til klestørk.Tilkomst til kjellar er via eigen inngang på framsida av bustaden. Eigedom Helle6982 HolmedalEigedom med flott beliggenheit på Helle i Askvoll kommune, utbygd med bustadhus og uthus/fjøs. Eigedomen har i seinare tid vore brukt som fritidseigedom. Innhald Bustadhuset går over tre plan og har følgjande innhald:Hovudetasje: Gang/entrè med trapperom, to-delt stove med tilkomst til innekledd veranda, kjøkken, bod og bad.Loft: Tre soverom, tre mindre rom som blir brukt som sovealkover og gangareal med trapp til hovudetasjen og til kaldloft. Frå gangareal er det tilkomst til to stk mindre, plassbygde boder.Kjellar: Tre boder med etasjehøgde på ca. 2,05 m.Fjøs/uthus: Bygningen går over to etasjar og inneheld eldre fjøsrom og løe/lager. Kvitevarer Kvitevarene som er på kjøkkenet og vaskemaskin i kjellar føl med i salet. I tillegg står det ei kjøkkeninnreiing i kjellaren frå 1986. Denne kan følgje med i salet dersom ny kjøpar ynskjer dette.Anna inventar i bustaden samt fjør/uthus vert etter avtale med seljar.Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med. Byggjemåte Grunnmuren er av gråsteinmur med murpussa overflater. Skiljeveggane i kjellaren er av teglsteinsmur med delvis murpussa overflater. Utbygget for arka og den innkledde verandaen står på betongsøyler. Golvet i kjellaren er av betong. Etasjeskiljet mellom hovudetasjen og loftet er av trebjelkelag.Ytterveggane og delvis skiljeveggnae over grunnmuren er av lafta tømmerkonstruksjon med utvendig kledning av trepanel. I tilbygga er det bindingsverk med utvendig kledning av trepanel.Takkonstruksjonen har saltakform med arkutbygg mot sør. Tilbygga i fasade mot aust og nord har skråtak. Taktekkinga er av skiferheller på undertak av taktro. På tilbygget mot nord er det taktekking av shingel. Takbeslaga er av sink og stålplater.Vindauga i kjellaren, tørkeloftet og nokre få i hovudetasje er av eldre standard med enkle glas. Det er elles nyare vindauge med 2-lags glas i trekarm. Takvindauga i loftet har trekarm med 2-lags glas og er skifta i seinare tid.Konstruksjonen er ikkje isolert. I tilbygget mot aust er det nyare ytterdør, andre ytterdører er av eldre standard. Alle dører har målte overflater. Fyllingsdører med målte overfalter innvendig. Sanitæranlegget har vassrør av kopar og avløpsrør av soil. Det eletriske anlegget er oppgradert med nytt inntak og fordelingsskåp, og ein del av kabelen er skifta. Anlegget har open installasjon. Ventilasjonen er basert på naturleg avtrekk.Uthuset har grunnmur av naturstein. Mellom kjellaren og 1. etasje er det betongdekke. Ytterveggane i hovudetasje er av teglsteinsmurar, innvendig delvis med murpuss. Etasjeskiljet mellom 1. -og 2. etasje er av trebjelkelag med tregolv. Ytterveggane i 2. etasje er av bindingsverk med utvendig kledning av trepanel. Takkonstruksjonen har saltakform med taktekking av skiferheller.Det er eit eldre vindauge, andre vindauge er skifta til trekarmar med fastkarm og 2-lags glas.Det er installert enkelt el. anlegg og lagt fram slange for vatn til det eine rommet. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 24.07.2014. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Arealer og fordeling per etasje Primærrom: 116 kvm, Bruksareal: 163 kvm, Bruttoareal: 186 kvmAlle rom er P-rom unnateke: Bodareal og sovealkover. BRA pr. etasje: Hovudetasje: 67 m2Loft: 55 m2Kjellar: 41 m2Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 1 922, Eierform: Eiet tomtTomta ligg i kupert sørvendt helling og er avdelt i to parsellar som ligg på nord -og sørsida av den offentlege vegen. Begge teigane er rydda og klar for nyplanting, leik og sport. Mykje sol gjev gode vilkår til god vekst, samt godt jordsmonn. Arealet rundt bustadhuset, som står på parsellen nord for vegen, er opparbeidd med hage med gråsteinsmurar, grøntareal og plantar. Det står eit gamalt eiketre i hagen som er målt og kjem under fredningslova. Uthuset står på sørsida av vegen, på tomteareal som er opparbeidd med grøntareal, to plommetre med god avling, to epletre, fleire rips-, solbær- og stikkelsbærbusker. Tilkomst Kontakt meklar eller sjå www.finn.no for kart. Eigedomen er merka med "til sal- plakat". Parkering Parkering på tomta. Oppvarming Nyare vedomn i den eine stova i hovudetasjen.Eldre vedomn i kjellar. Denne har ikkje vore i bruk av noverande eigar.Anna oppvarming er basert på eletriske varmeomnar. Energimerking Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G Lokalitet Eigedomen ligg sørvendt med fin utsikt til Dalsfjorden/Vilnesfjorden med berre 15 min gange til flott badestrand. Mange turmogelgheiter i nærområdet både på fjorden og i fjella. Det er fleire moglegheiter for leige av båtplass i nærområdet. Ca. 3 km til Holmedal og ca. 5 km til Askvoll som har butikkar, idrettsanlegg, rideskule og div. andre sommaraktivitetar.I tillegg er det nærbutikk og bensinstasjon ca. 300 meter frå eigedomen. Veg, vatn, avløp Eigedomen ligg ved offentleg veg og er tilkopla kommunalt vassverk via privat stikkleidning.Avløpet går til privat eldre septikkum med kommunal tømming. Kommunale avgifter Kr. 9 544 pr. år Eigedomsskatt frå 2015 jmf. Askvoll kommune. Ferdigattest Det føreligg ikkje ferdigattest eller mellombels bruksløyve frå Askvoll kommune. Konsesjon Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig. Regulering Eigedomen ligg i uregulert LNF-område med frittliggjande bustadeigedomar, fritidseigedomar og jordbruksområde. Utleige Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål, men det er ikkje eiga utleigeeining i bustaden. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld med eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar.
Rating:
Nyttig informasjon
- Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
- Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
- Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
- Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.
Relaterte annonser
-
Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitetHus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €
Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...
-
Geldkredit AngebotBolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør
*Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...
-
Prefabricated housesBolig til salgs - () - Sjekk med annonsør
We are a Latvian company who sells environmentally friendly prefabricated houses at good prices. We are engaged in the production of wooden houses, insulated walls and roof beams are made in our production. And also modular houses. We sell our houses...