Sjekk med annonsør Innhaldsrik eigedom i sentrum av Flekke med potensiale - behov for oppgradering
- Sted: Fjaler, Fjaler
Standard Opprinneleg ein generasjonsbustad og butikk. Bygningsmassen er dårleg vedklikehalden og bør sjåast som eit restaureringsobjekt der alle tekniske installasjonar, vindauge, dører og overflater bør skiftast. Huset bør isolerast, taket forsterkast og skifertekkinga bør leggast om.Innvendige veggar er tapetiserte og måla overflater. Eigedom Elvheim6968 FlekkeTidlegare bustad -og butikkeigedom som i seinare tid har vore brukt til bustad. Innhald Bygningen går over fire plan og har følgande innhald:Kjellar: fyrrom og kjellarrom.1. etasje: Vindfang, hall m/trapp, 2-delt stove, kjøkken, bakgang, soverom, kontor, bad og tidlegare butikklokale som er blitt bygt om til stove, toalett og gang.2. etasje: Stove, kjøkken, sju soverom, bad og gang m/trapp.Loft: uinnreiia loftslager og bod. Kvitevarer Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med. Byggjemåte Grunn og fundamenter i betong antatt på utgravde og planerte grusmasser/gamal sjøbotn. Deler av huset har kjellar og resten er utan kjellar. Ytterveggane i kjellar er støypt grunnmur truleg med sparstein. Ytterveggane er anteke å vere uisolert treverk. Vindauga er enkle vindauge, kopla vindauge og enkelte isolerglasvindauge. Golv er trebjelkelag mellom 1. og 2. etasje, samt mot kjellaren. Usikkert kva type golv i 1. etasje der det ikkje er kjellar. I lageret og kjellaren er det støypt golv.På hovuddelen er det saltak av sperrkonstruksjon med sua tro og skifertaktekking.Sanitæranlegget har gamalt røropplegg som er modent for utskifting. Det eletriske anlegget har eldre og nyare opplegg. Lagerbygget frå 1970 er oppført i treverk på støypt ringmur , murpussa veggar og støypt golv. Taktekking av skifer og matallplater. Del av bygget har stløypt golv og del med jordgolv. I bygningen er det gamalt fryserom med kjøleaggregat. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Nils Johan Nordang, datert 19.10.2013. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Arealer og fordeling per etasje Primærrom: 326 kvm, Bruksareal: 472 kvm, Bruttoareal: 521 kvmAlle rom er P-rom unnateke: bodareal. BRA pr. etasje: Kjellar: 34 m21.Etasje: 245 m22.Etasje: 139 m2Loft: 34 m2Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 1 582, Eierform: Eiet tomtMesteparten av tomta er flat med unnteke bakre del som er lett skråna. Tomta er opparbeidd med plen, plantar og asfaltert tunplass. På eigedomen er det nedgravd bensin -og diesel tankar frå tida det vart solgt drivstoff. Tankane må sjekkast for innhald, tømmast og kondemnerast. Tilkomst Frå Dale køyrer du til Flekke og tek til venstre mot Hauglandsenteret. "Gamlebutikken" ligg til venstre like etter avkøyrsla til senteret og noverande nærbutikk. Parkering Parkering på tunet. Oppvarming * vedomnar* varmepumpe i eine stova* varmekablar i begge bada* fyranlegg med radiatorar, denne er fråkopla* anna oppvarming er basert på eletriske varmeomnar Lokalitet Eigedomen ligg fint til i Flekke sentrum med gode solforhold og fin utsikt til dalføret, landbruksområde og delar av fjorden. Kort avstand til Flekke skule og barnehage. Red Cross United World College er også lokalisert i Flekke. Frå eigedomen er det ca 8 km til kommunesenteret Dale. Ca 50 km til Førde. Veg, vatn, avløp Offentleg veg og vatn. Privat septiktank med kommunal tømming. Kommunale avgifter Kr. 12 983 pr. år inkl. eigedomsskatt.Eigedmsskatt kr. 5 058,- pr. år. Ferdigattest Det føreligg ikkje ferdigattest eller mellombels bruksløyve ifølgje Fjaler kommune. Konsesjon Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig. Regulering LNF-område i arealdelen av kommuneplanen jmf. Fjaler kommune. Utleige Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld med eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar.
Rating:
Nyttig informasjon
- Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
- Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
- Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
- Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.
Relaterte annonser
-
Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitetHus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €
Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...
-
Geldkredit AngebotBolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør
*Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...
-
Prefabricated housesBolig til salgs - () - Sjekk med annonsør
We are a Latvian company who sells environmentally friendly prefabricated houses at good prices. We are engaged in the production of wooden houses, insulated walls and roof beams are made in our production. And also modular houses. We sell our houses...