Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Koseleg og innbydande einebustad i Luster.

Endret: August 17, 2015
  • Sted: Luster, Luster

Innhold Einebustad i Dale i indre del av Luster. Eigedommen ligg sentralt til nær veg og sjø- Det er gangavstand til skule, barnehage og butikk. Det er gode moglegheiter for friluftsliv og fritidsaktivitetar i området både sommar og vinter. Luster er og kjent for eit yrande folkeliv og båtliv sommarstid. Bustaden har vorte vesentleg oppgradert i nyare td, og hagen er veldig fint opparbeidd med beplantning og terrassar. Standard Einebustad i koselege omgjevnader. Bustaden er innreidd i to etasjar. I kjellaren er det lav takhøgde som gjer at det ikkje reknast som primærrom, men det er tatt med som ein del av totalareal på bustaden. Kjellaren blir nytta til bodar. Eit rom blir nytta som vaskerom, og eit rom er innreidd. I hovedetasjen er det gang, vaskerom, bad, stove og kjøkken. Det er lyse flater for det meste i bustaden. Mesteparten av denne etasjen er renovert og pussa opp i nyare tid. Badet vart påbygd med ny del i 2013. Det er vedlagt teikningar av tilbygg i salsoppgåva. Badet er heilflisa med kvite og svarte detaljar og innreiing. Smakfullt, tidlaust og delikat bad med dusj og boblebadekar. Dobbel servant. Kjøkkenet vart pussa opp i 2011. Kvite, profilerte frontar med innebygd komfyr og oppvaskmaskin. God skapplass og godt utnytta. Vaskerom vart pussa opp i samband med påbygg til bad. Laminat på golv i gang og kjøkken. Belegg på vaskerom. Teppegolv i stove. Det er ein liten utbygd del av stove som i dag nyttast til kontorplass. I andre etasje er det fire soverom, ein liten bod og ein liten hobbykrok i del av gangarealet. Soveromma er tatt igjen med nye golv og nye veggar, med unntak av eit soverom. Boden blir nytta i dag som klesrom. Soveromma er ikkje spesielt store, men etasjen er godt utnytta. Også her lyse flater på romma. Dei fleste vindauge er skifta for ca. 5 år sidan, og taket vart skifta i 1990. Kledning er ikkje skifta, og ein må anta at bustaden ikkje held dagens krav til isolering. Ein må pårekne å måtte skifte kledning i nær framtid grunna dens forventa levealder. Deler av elektrisk og vantnsystem er trekt nytt i samband med oppussing. Det er bygd eit uthus på eigedommen. Dette er uisolert og blir nytta til oppbevaring. Beliggenhet Eiendommen ligger fint til i sentrum av Luster. Nærmeste naboeiendom til Lustrabui. Det er gangavstand til skule, barnehage og butikk. Om sommaren er det eit yrande folkeliv og båtliv i området, og nærområda rundt. Det er ca. 10 min køyring til Gaupne, og ca. 35 min. køyring til Sogndal sentrum. Det er gode moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter. Kort veg til Sognafjellet med alle moglegheiter for aktivitet. Adkomst Lett tilkomst frå hovedveg. Eigedommen ligg plassert midt i sentrum av Luster og har enkel tilkomst. Gangavstand til barnehage, skule og butikk. Det vil bli skilta med visningsskilt frå Eiendomsmegler Vest under felles visning. Tomtebeskrivelse Tomta er veldig fint opparbeida med plen, beplantning og terrasser. Det er planta blomstebed mot veg. Det er opparbeida med dam og lite anlegg i hagen. Og det er laga til fleire fine sitteplassar rundt om i hagen. Det er satt opp eit uthus på tomten, og det er drivhus i hagen. Det er gode solforhold på eigedommen. Det er festetomt med årleg festeavgift til Opplysningsvesenets fond. Sjå under ymse for meir informasjon. Vei, vann og kloakk Eigedommen er tilknytta offentleg vatn og avløp via private stikkleidningar til offentleg nett. Eigedommen er tilknytta offentleg veg. Byggmåte Huset er bygd i tre. Kjellervegger er oppført i betong. For ytterligare opplysningar om byggjemåte, sjå vedlagt takst. Energimerking Energimerke G og oppvarmingskarakter GUL Regulering Eigedommen ligg i eit område regulert for bustader. Det er ikkje igangsett forberedande planarbeid for området. Kopi av reguleringsplaner med bestemmelser kan fås med henvending itl meklar. Fyring / Oppvarming Elektrisk oppvarming. Liten vedovn i stove. Varmepumpe.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Hus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €

    Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...

  • Hus i Jörn (Skellefteå)
    Hus i Jörn (Skellefteå)
    Bolig til salgs - Bodø (Nordland) - Sjekk med annonsør

    Byggår1975 boarea 117kvm biarea 37 kvm tomtarea 925 kvm 4 rum och kök , badrum med toalett , toalettrum,tvättrum,garage vedugn ,värmpump,robotklippare. Säljas med inventarier

  • Geldkredit Angebot
    Geldkredit Angebot
    Bolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør

    *Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...