Sjekk med annonsør Ny 3-roms leilegheit med livsløpstandard
- Sted: Leikanger, Leikanger
Standard Leilegheitene er nyoppført på gamal lafta tømra. Gode kvalitetar og flotte detaljar.Golv: Parkett i stove og på soverom, keramiske flisar i gang/trapperom, bad og kjøkken.Innvendinge veggar: MDF- veggplater malt med kost i stove/kjøkken, soverom og gang.Innvending himmling: MDF-plater malt med kost.Huseby- kjøkken med marmorfliser mellom kjøkkendisk og overskap, og integrerte kvitevarer. (Platetopp, innbygd steikeomn, mikrobølgeomn, kombinert kjøl- og fryseskap og oppvaskmaskin)Sanitæranlegg:Kvar leilighet har separat varmtvassberedar.Kvalitetes sanitærutstyr, blandebatteri med eit-greps hendel (Oras Safira), steam- og masasjedusj.Leilighetene har balansert ventilasjon med varmegjenvinning. Luft frå kjøkkenventilator vert ført ut i eigen kanal. Eigedom Hanahaug 5 seksjon 16863 Leikanger Innhald Flott leilegheit i solrikt, roleg strøk med fjordutsikt. Livsløpsstandard.Alle leilegheitene har felles inngang mot nord. Frå vindfanget er det tilkomst til leilegheitene i 1.etasje og til leilegheitene i 2 etasje via felles trappeoppgang.Leilegheiten ligg i byggets 1. etasje og har følgande innhald:Gang, bad, bod, 2 soverom, stove, kjøkken med utgang til innebygd veranda og vidare til utvending veranda.I tillegg har seksjonen eiga bod i kjellar.Carport. Kvitevarer Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Byggjemåte Eldre bustad med "Sveitsarhus-preg", oppført i 1930, har blitt totalrenovert med ferdigstillelse i August 2014.Bygningen har 2 etasjar, kjellar og felles carport med plass til 4 bilar. (1 per seksjon)Eksisterande 3" tømmerveggar er isolerte med 10 cm mineralull utvendig og innvendig.Nye ytterveggar i bindingsverk er isolert med 15 + 5 cm mineralull.Yttertak er isolert med 30 cm mineralull.Etasjeskille mellom 1. og 2. etasje: 20 cm minralull + 2 cm trinnlydmatte.Etasjeskille mellom 1. etasje og eks. kjellar: Eksisterande bjelkelag fylt med tørr jord/leire + 5 cm polystyren og påstøyp går ut mot tømrarveggen. Varmekablar i alle golv.Etasjeskille mellom 1. etasje og ny. kryperomskjellar: 200 mm mineralull + 5 cm polystyren og påstøyp.Lydveggar mellom leiligheiter: dobbelt 4" adskilt stendarverk isolert med 10 + 10 cm mineralull.Vindauge: 2-lags isolerglas med varmkant spacer og argongass. U-verdi = 1,2.Opplyst av Siv.ark.mnal Jarle Sandvik.Uteområdet er opparbeid som fellesområde for dei 4 leilegheitene. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i salgsoppgåva og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det avgjevast bud på eigedomen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Arealer og fordeling per etasje Primærrom: 80,40 kvm, Bruksareal: 92,70 kvmAlle rom er P-rom unnateke: Fellesareal og bod. BRA pr. etasje: 1.Etasje: 83,6kvm. Kjellar: 9,1kvm.P-rom: 80,4kvm.Areala er opplyst av Siv.ark.mnal Jarle Sandvik. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 661, Eierform: Fellestomt Felles tomt: 661kvm. Tilkomst Leikanger kommune har gjeve løyve til å nytte gangvegen som tilkomstveg til garasjar og parkeringsplass, med innkøyring frå vest. Parkering Kvar leilegheit har eigen plass i felles garasje, i tillegg er det opparbeid 1/2 parkeringsplass per leilighet( Totalt 2 plassar).Leikanger kommune har gjeve løyve til å nytte gangvegen som tilkomstveg til garasjar og parkeringsplass, med innkøyring frå vest. Oppvarming Elektrisk.Det er nedlagt varmekablar i heile 1. etasje. Energimerking Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter C Lokalitet Sørvendt og solrik tomt på Hanahaug i Leikanger Sentrum, med flott utsikt over Sognefjorden.Eigedomen ligg ca. 25min. kjøyring frå Sogndal Sentrum. Veg, vatn, avløp Offentleg vatn og avløp. Rennovasjon kan tingast for kvar enkelt seksjon, eller samla når styre er på plass. Kommunale avgifter inkl. evt. eigedomsskatt.Kommunale avgifter er ikkje endelg fastsatt og vil avhenge av rennovasjonsabonnement. Likningsverdi Likningsverdi er ikkje fastsatt. Leikanger kommune opplyser at denne vil foreligge seinast Januar 2015, med forbehold om vedtak i Skattenemda. Ferdigattest Nornes Bygg AS har søkt Leikanger kommune om ferdigattest, søknaden er ikkje ferdigbehandla per tidspunkt, men skal foreligge før overtakelse. Regulering Eigedomen ligg under kommunens reguleringsplan1419-1973002.Plannavn:Hanahaug sentrum (delvis endra med kommuneplan)Bygget ligg i område regulert for bustad. Opplysningar om sameige. Høyumhuset sameige består av fire bustadseksjonar. Snr. 1 har sameigebrøk 26/100.Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen. I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige. Rekneskap/vedtekter Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder. Sameiget er enkelt organisert, og ikkje rekneskapspliktig. Vi har difor ikkje motteke rekneskap, budsjett, ol og kan difor ikkje opplyse om slike forhold. Godkjenning/forkjøpsrett Det er ikkje forkjøpsrett i sameiget. Legalpant Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader. Utleige Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål. Diverse Sjekk vedtekter, husordensreglar, årsmelding, rekneskap om det er tilhøve som må skrivast om i salsoppgåva. For eksempel vedtak som medfører auke i felleskostn/gjeld. Forsikring Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato. Eller: Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar.
Rating:
Nyttig informasjon
- Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
- Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
- Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
- Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.
Relaterte annonser
-
Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitetHus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €
Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...
-
Geldkredit AngebotBolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør
*Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...
-
Prefabricated housesBolig til salgs - () - Sjekk med annonsør
We are a Latvian company who sells environmentally friendly prefabricated houses at good prices. We are engaged in the production of wooden houses, insulated walls and roof beams are made in our production. And also modular houses. We sell our houses...