Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Prisgunstig einebustad i Fardal.

Endret: August 13, 2015
  • Sted: Sogndal, Sogndal

Innhold Liten einebustad i Øvstedalen, godt og vel ei mil frå Sogndal sentrum. Det er skule og barnehage i nærområdet. Det tek ca. 15 min å køyre til Sogndal sentrum med alle fasilitetar. Eigedommen ligg i eit roleg område. Det blir i samband med byggjeaktiviteten i området bygd ny og bedre veg fram til området. Huset er ein normal einebustad med normal standard. Det er gode moglegheiter for friluftsliv med fjellturar i området både sommar og vinter. Standard Liten einebustad i Øvstedalen i Fardal. Eigedommen har vore nytta som fritidsbustad og har dermed liten bruksslitasje. I første etasje er det kjellarstove, soverom, vaskerom, toalett og bod. Gangen er flislagt med varmekablar. På veggane er det pussa betong/mur og panel. I kjellarstove er det flisar på golv, pussa mur og panel på vegg. Varmekablar i golv. På soverommet er det malt strie/tapet på vegg og laminat på golv. Det er eit stort og godt vaskerom i denne etasjen. I andre etasje er det stove med spisestove, kjøkken, to soverom og bad. Frå stove er det utgang til altan på 22 kvm. På altanen er det god plass til sittegruppe. Frå det eine soverommet er det utgang til ein liten altan på framsida av huset. Det er gjennomgåande panel på veggar i alle hovedrom. På golv er det laminat. Det er malt strie/tapet på vegg på soveromma. På bad er det baderomspanel, flisar på golv. Det er badekar, servant og toalett på badet. Det er registrert teikn til saltutslag på lecavegger i bod mot vest. Sjå takst. Beliggenhet Eigedommen ligg nesten øverst i Øvstedalen. Det er det tredje siste huset på høgre side når ein køyrer oppover. Eigedommen ligg like ved normalt lite trafikkert veg. Adkomst Det er lett tilkomst til eigedommen frå veg. Ein tek av i Fardal mot Øvstedalen. Eigedommen ligg som tredje siste hus i Øvstedalen. Vegtilkomsten er vil bli vesentleg bedre grunna arbeid med nye kraftlinjer. Det vil bli skilta med visningsskilt frå Eiendomsmegler Vest under felles visning. Tomtebeskrivelse Tomtearelet er i følge målebrev. Tomten er utsprengt. Det er satt opp mur mot vegen og tillaga ei flate i tunet. Elles er tomta lite opparbeidd. Vei, vann og kloakk Det er privat felles vannverk for området. Her betalar kvar deltakar ca. kr. 1.000,- per år. Det er eige avløpssystem. Via eigen septiktank med spreiegrøft på naboen. Det er offentleg veg fram til eigedommen. Byggmåte Bustaden er bygd på fjell, på frostfri såle. Huset er bygd i tre. Kjellervegger er oppført i betong. For ytterligare opplysningar visast det til eigedommens takst. Denne ligg vedlagt salsoppgåva. Energimerking Energimerke E og oppvarmingskarakter ORANSJE Regulering Eigedommen ligg i eit uregulert område som i kommuneplan er fastsett til byggjeområder berekna som landbruk-, natur og friluftsområde og anna. Det er ikkje iverksett forberedande planarbeid for området. Fyring / Oppvarming Elektrisk oppvarming. Vedovn i stove.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • 3-roms i Sogndal
    3-roms i Sogndal
    Hus - Leiligheter til leie - (Sogndal) - Sjekk med annonsør

    Hei! Vi er tre jenter, to på 19 og ei på 20 år, som leiter etter plass å bu når vi skal begynne/fortsette på vgs til hausten. Vi har ei øvre grense på 3000 kr kver i mnd, så samla blir det 9000 kr/mnd. Helst ser vi etter noe som er sentralt i Sogndal...

  • Ønsker leilighet i Sogndal
    Ønsker leilighet i Sogndal
    Hus - Leiligheter til leie - (Sogndal) - Sjekk med annonsør

    Soverom: 1 Bad: 1 Kvadratmeter: 50 Møblert: Nei Kjæledyr: Nei Megler honorar: Nei Vi er eit rolig par fra sunnfjord på 18 og 22 år. Røyker ikkje og har ikkje husdyr. Skal studere i Sogndal. Og vi er sikre betalarar :)

  • Familie på 3 ønsker å leie hus,hytte eller småbruk i nærheten av høyskolen i Sogndal
    Familie på 3 ønsker å leie hus,hytte eller småbruk i nærheten av høyskolen i Sogndal
    Hus - Leiligheter til leie - (Sogndal) - Sjekk med annonsør

    Møblert: Nei Kjæledyr: Nei Megler honorar: Nei Nordsjøarbeider og sosionomstudent (høsten 2012)ønsker å leie  bolig i Sogndal/omeng over lengre tid.Grunnet flytting fra Bergen til Sogn er alt av interesse (gjerne landlig). Tar gjerne oppussing og ...