Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Sjarmerande eigedom med stor hage, uthus og fin utsikt. Ta kontakt for privatvising

Endret: August 11, 2015
  • Sted: Balestrand, Balestrand

Standard Stove: Belegg/plater på golv, måla pløvd ved på vegg og måla panel i himling.Kjøkken: Belegg på golv, måla plater på vegg og tak.Bad: Belegg på golv, våtromsplater på vegg og plater i himlimng.Soverom: Treplank på golv, måla plater på golv og lyse takplater.Noko setningar må påreknast i eit så gammalt hus. Har ikkje direkte påvist lekasje/ Fuktskadar ved visuell synfaring, men våtrom er ikkje tette etter forskriftene så fuktskadar kan fort oppstå. Isolering er ukjend, så den er vanskeleg å vurdere. Huset har dei seinare åra vore mest brukt som fritidsbustad om sommaren.Huset er gammalt og relativt slitt. Ein god del oppussing både utvendig og innvendig må påreknast. Eigedom Balestrand6899 Balestrand Innhald Koseleg einebustad/fritidshus med 3 soverom, uthus/fjøs og frodig hage. Eigedomen ligg landleg til, like utanfor Balestrand sentrum. Bustaden er på 3 plan og fordeler seg slik:   Kjellar.etg: Grovkjellar og bod. Kjellar er på 180 cm og er difor ikkje målbar.1.etg: Stove, soverom, kjøkken, bad og vaskerom. Utgang til altan ved kjøkenet. Loft.etg: 2 soverom (de eine med 3 sovealkover) og bod.Uthus/fjøs med redskap på ca 30 m kvm bruksareal. To høgder.I tillegg blir to byggeklare tomter med straum og vatn vurdert selt. Kvitevarer Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og fryser i boden følgjer også med. Byggjemåte Eldste del av huset er tømmra med pløvd plank. Våtrom og gang er tilbygde, sameleis del av soverom i 1.etasje. Her er støypt golv med varmekablar. Det vart skifta vindauge i huset ca 1984. Huset skal og være noko isolert, men det er uvisst kor mykje. Det er eternittplater og aluminiumsplater på tak. Deer altan med terassebord mot vest. Trapp ned i metall. Areal brukt til berekning er areal i 1.etasje. Underetasjen er murt gråstein og har jordgolv. Etasjen over har bjelkelag og tregolv, vegger og tak har stenderverk, sperr og plater.Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Olav Grøteig, datert 10.06.2014. Kjøpar pliktar å gjere seg  kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Arealer og fordeling per etasje Primærrom: 98 kvm, Bruksareal: 98 kvm, Bruttoareal: 108 kvmAlle rom er P-rom unnateke: bodBRA pr. etasje: 1.Etasje: 71kvm2.Etasje: 27kvmKjellar: Kun 180 cm takhøgde og er difor ikkje målbar.Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 2 832, Eierform: Eiet tomt  På tomta står våningshuset og eit gammalt uthus som har vore på det tidlegare småbruket. Tomta består av grasmark, litt tre og prydbusker. Tilkomst Frå kommunal veg. Parkering -Oppstillingsplass på tomta. plass til fleire bilar. Oppvarming -Vedomn-Elektrisk-Varmekablar Energimerking Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G Lokalitet Eigedommen ligg fint til langs Sognefjorden ca 2km frå Balestrand sentrum. Det er fin utsikt over fjorden og mykje sol heile året. Veg, vatn, avløp Offentleg vatn, privat avlaupssystem. Kommunale avgifter inkl. evt. eigedomsskatt. Likningsverdi 2014 ifølge skatteetaten sin likningsverdikalkulator. Avvik kan førekomme. Ferdigattest Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Balestrand kommune. Konsesjon Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig. Regulering Eigedomen er regulert for bustadføremål. Utleige Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden  dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel.  Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Hus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €

    Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...

  • Hus i Jörn (Skellefteå)
    Hus i Jörn (Skellefteå)
    Bolig til salgs - Bodø (Nordland) - Sjekk med annonsør

    Byggår1975 boarea 117kvm biarea 37 kvm tomtarea 925 kvm 4 rum och kök , badrum med toalett , toalettrum,tvättrum,garage vedugn ,värmpump,robotklippare. Säljas med inventarier

  • Geldkredit Angebot
    Geldkredit Angebot
    Bolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør

    *Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...