Sjekk med annonsør Sjeldan moglegheit. Flott hus med fantastisk utsikt på solrik tomt.
- Sted: Bremanger, Bremanger
Standard Kjøkkeninnreiing i laminat med flisar over benk. Innvendige veggar har overflater av for det meste panel, elles målt strie, måla puss, baderomsplater, måla og fuga murstein. Himlingar har panel og folierte takplater. Golva har overflater av tregolv, golvflis på badet og terraflex på vaskerom, elles belegg, laminatgolv og teppe/ filtflisar. Sjå elles pkt. 6.2 i taksten. Eigedom Sundsøy6727 BremangerNydeleg eigedom med bustadhus, eiga kai og beplanta hage.Naboeiegdomen gnr 5, bnr 46 blir lagt ut for sal samstundes. Innhald Bustaden er på to plan og har i hovudetasjen stove med utgang til terrasse, kjøkken, to soverom og trapp til underetasjen. I tillegg gang med nedtrekkbar stige til mørkeloft.Underetasjen inneheld kjellarstove, to soverom, bad, wc, vaskerom, ei bod med kjølerom, badstove, kjølerom og trappegang. Under kjellarstova er her tidlegare anlagt badebasseng ( c 6,4 m med djupne på ca 1,6m ). bassenget er ikkje i bruk og det er lagt isolert bjelkelag over. Kvitevarer Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med. Byggjemåte Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Kristen Eikenæs, datert 02.07.2014Bustaden har ytterveggar av isolert bindingsverk over grunnmur av betongblokker med utvendig synleg puss. Ytterveggane har værhud av panel. Yttertak har tekking av betongtakstein. Etasjeskilje for det meste i tre. Frå terrassen er det trapp ned til hage og kaianlegg. Kjøpar pliktar å gjere seg kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Arealer og fordeling per etasje Primærrom: 120 kvm, Bruksareal: 199 kvm, Bruttoareal: 218 kvmAlle rom er P-rom unnateke: BRA pr. etasje: U.Etasje: 105m21.Etasje: 94m2Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 1 260, Eierform: Eiet tomt Tilkomst Tilkomst frå offentleg veg. Adkomst på felles oppgrusa veg. Parkering Parkering på eigedomen. Oppvarming Varmekablar på golv i to soverom, gang, wc, bad og vaskerom. Vedomn i stove. Luftvarmepumpe, luft til luft. Energimerking Oppvarmingskarakter Gul - Energikarakter F Lokalitet Eigedomen ligg fritt og fint til på Sundsøya omlag 2,5 km aust for Kalvåg. Terrenget rundt eigedomen er flatt og austvendt med gode solforhold og flott utsikt mot fjorden. Veg, vatn, avløp Adkomst frå offentleg veg med felles privat veg (ca 50m ) og eigen privat veg (ca 20m).Offentleg vatn.Eige avløpssystem. Kommunale avgifter Kr. 7 685 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt. Likningsverdi Ifølgje skatteetaten sin likningsverdikalkulator. Avvik kan førekomme. Ferdigattest Midlertidig brukstillatelse frå Bremanger kommune datert 03.05.1985 ligg vedlagt. Konsesjon Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig. Regulering Eigedomen ligg i uregulert område. Utleige Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadføremål. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld med eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar.
Rating:
Nyttig informasjon
- Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
- Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
- Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
- Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.
Relaterte annonser
-
Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitetHus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €
Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...
-
Geldkredit AngebotBolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør
*Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...
-
Prefabricated housesBolig til salgs - () - Sjekk med annonsør
We are a Latvian company who sells environmentally friendly prefabricated houses at good prices. We are engaged in the production of wooden houses, insulated walls and roof beams are made in our production. And also modular houses. We sell our houses...