Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Småbruk

Endret: August 18, 2015
  • Sted: Gaular, Gaular

Standard Bygningane i tunet er generelt prega av elde og slitasje med pårekneleg behov for rehabilitering/renovering. Bustadhuset har ikkje pårekneleg gjenverdi med grunnlag for rehabilitering til ein framtidsretta bustadstandard, då ei eventuell rehabilitering vil medføre kostnad som nybygg.Tømmerstova er slitt og treng vedlikehald og oppgradering, men kan ha gjenverdi for bruk som anneks og liknande.Driftsbygningen er nedsliten og bør rivast.Hytta har behov for oppgradering.Det vert elles synt til takst.Kvitevarer/nedvaskAlt av kvitevarer på kjøkken og bad som er i bygningane ved vising følgjer med i salet. Dei tre fjernsyna følger også med i salet.Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med.Det vert gjort merksam på at eigedomen ikkje vert ytterlegare rydda og vaska ned før overtaking. Eigedomen vert levert slik den framstår ved vising. Eigedom Solheim6978 ViksdalenSmåbruk med strandlinje mot Haukedalsvatnet. Eigedomen er fordelt på to teigar som går frå Haukedalsvatnet og opp til 550 til 600m. Begge teigane er delte av riksvegen. Eigedomen består av jordbruksareal, skog og utmarksareal med jaktrett, strandlinje til Haukedalsvatnet med fiskerett og tun med bygningar.Frå eigaren er det opplyst at bruket sin ideelle del av jaktretten utgjer 0,64 fellingsløyve.Eigedomen har utmarksareal og fallrett i Solheimselva. Det har tidlegare vore eit mindre kraftverk i Solheimselva, men vassfallet vert ikkje nytta i dag og nytt kraftverk har heller ikkje vore planlagt. Innhald Det er eit bustadhus, ei tømmerstove og ein driftsbygning i tunet. I bakken bak tunet er det ei hytte.Bustadhuset har eit areal på 179 m2 BRA som er fordelt på to etasjar og kjellar. I hovudetasjen er det to stover, kjøkken, bad, toalett, to soverom og gangaeral. På loftet er det eit soverom, kaldtloft og gangareal.I kjellaren er det bodareal.Tømmerstova har eit areal på 48 m2 BRA som er fordelt på eit plan med kjellar. I hovudetasjen er det ei stove, kjøkken, eit soverom, toalett, bad og gangareal.I kjellaren er det potetkjellar.Driftsbygningen er nedslitt og krev omfattande restaurering. Hytta ligg på eit høgdedrag med flott utsikt og har eit areal på 42 m2 BRA og er på eit plan. Det er eit opphaldsrom med kjøkken, to soverom og dusj/wc. Byggjemåte Bustadhuset er eit eldre tømmerhus som vart tilbygt på 1970-talet, den eldste delen står på grunnmur av naturstein. Tilbygget står på ringmur med krypkjellar. Golva og etasjeskilja er av trebjelkelag. Ytterveggane i den eldste delen er av lafta tømmerplank og i tilbygga av bindingsverk. Den utvendige kledningen er av trepanel. Takkonstruksjonen har saltakform med taktekking av stålplater.Tømmerstova er tilbygd. Grunnmuren er av naturstein. I kjellarrommet er det betonggolv. Etasjeskiljet er av trebjelkelag. Ytterveggane er av lafta tømmerplank med utvendig kledning av trepanel. Takkonstruksjonen har saltakform med taktekking av plater. I fasade mot vest er det eit enkelt tilbygg. Tilbygget står på ringmur og plate på mark av betong. Ytterveggane er av bindingsverk med utvendig kledning av trepanel. Takkonstruksjonen har skråtak med taktekking av plater. Driftsbygningen er av eldre ukjent alder. Bygningen har gråsteinsmurar med fjøsrom og gjødselkjellar. Etasjeskilja er av tredekke. Over grunnmuren er kontruksjonen av grindverk med kledning av trepanel. Takkonstruksjonen har saltakform med taktekking av bølgjeblekkplater. Hytta står på  trepelar. Golvet er av trebjelkelag med underkledning av trefiberplater med klemlekter av hunbord. Ytterveggane er av 4" bindingsverk med utvendig kledning av trepanel. Takkonstruksjonen har saltakform, oppbygd av sperr med taktro av trepanel og tekking av torv.Vindauga har trekarmar med 2-lags glas. Ytterdøra er av enkel standard og er ikkje eigna for utvendig bruk. Innvendig er det trepanel på veggane, golv i heiltre og skråtak med synlege sperr utan underkledning. I kjøkkenet er det er det enkel plassbygd benk og ein skuffesekjson. I stova er det vedomn. Skorsteinen er av lettklinkerelemnet. El.anlegg er installert. Sanitæranlegget har vassrør av kopar og avløpsrør av plast. . Det er uvisst om avløpet går til septikkum eller ut i terrenget. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 15.09.2014. Kjøpar pliktar å gjere seg  kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Arealer og fordeling per etasje Bruksareal: 204 kvmAlle rom er P-rom unnateke: bodarealVåningshuset BRA pr. etasje: 1.Etasje: 59 m22.Etasje: 114 m23.Etasje: 31 m2Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Eierform: Eiet tomt Tilkomst Den eine teigen til eigedomen ligg omlag i krysset til avkøyringa mot Haukedalen og den andre teigen nokre hundre meter mot Sande. Parkering Parkering i tunet. Oppvarming Oppvarming i bygga er basert på elektrisitet og vedomnar. Energimerking Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G Lokalitet Eigedomen ligg i område med spreidd busetnad knytta til landbruket. Avstanden til bygdesenteret som har skule, barnehage og nærbutikk er omlag 10 km. Til førde med alle servicetilbod er det omlag 30 km. Eigedomen ligg i fint naturområde som gjev gode moglegheiter til turar i skog og mark, fiske og jakt. Veg, vatn, avløp Privat vatn frå elv, privat septiktank med kommunal tømming, tilkomst frå offetnleg veg. Kommunale avgifter Kr. 3 306,25 pr. år inkl. evt. eigedomsskatt. Likningsverdi Likningsverdi som primærbustad kr. 156 542,- pr. 31.12.2013. Ferdigattest Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Gaular kommune. Konsesjon Eigedomen er konsesjonspliktig. Regulering LNF-område. Utleige Eigedomen er konsesjonspliktig, og behandlinga av denne vil avgjere om eigedomen leigast ut til bustad/næringsføremål. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden  dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel.  Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Bustadkjøparforsikring Ein gjer kjøpar merksam på at ein har anledning til å teikne bustadkjøparforsikring. Forsikringa gir kjøpar bistand etter avhendingslova og dekkjer all advokatbistand, skadetakstar og kostnader til rettsapparatt. Forskringa har ingen eigenandel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Les meir om forsikringa i eige vedlegg eller på http://www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Hus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €

    Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...

  • Hus i Jörn (Skellefteå)
    Hus i Jörn (Skellefteå)
    Bolig til salgs - Bodø (Nordland) - Sjekk med annonsør

    Byggår1975 boarea 117kvm biarea 37 kvm tomtarea 925 kvm 4 rum och kök , badrum med toalett , toalettrum,tvättrum,garage vedugn ,värmpump,robotklippare. Säljas med inventarier

  • Geldkredit Angebot
    Geldkredit Angebot
    Bolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør

    *Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...