Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Unik og særs sjeldan eigedom med kai og stor sjølinje - potensiale for utvikling

Endret: August 20, 2015
  • Sted: Fjaler, Fjaler

Standard Eigedomen har gjennomgåande eldre standard Eigedom Ysteneset6968 FlekkeSvært unik og sjeldan eigedom på over 2 mål med kai for større båtar, brygge og særs mykje sjølinje. Innhald Eigedomen består av eit sjøhus som har hatt ulike bruksføremål opp gjennom tidene, men hovudsakleg som sagbruk og palleproduksjon. Sagbruket som framleis er inntakt er etablert med full saglinje i byggets 1.etasje. Resterande rom har for det meste vore nytta til lager og annan trevareproduksjon som palleproduksjon. 2. Etasje har og rom innreidd som kontor/pauserom. Det er i tillegg eit stort lager på eigedomen. Eigarar har tidligare søkt om bruksendring og riving av lagerbygg for etablering av 4 stk. leilegheitar og fått positive svar (dispensasjon) frå Fjaler kommune og Fylkesmannen på dette. Ytterligare informasjon om dette ligg vedlagt i salsoppgåva. Meklar gjer imidlertid alle interessentar merksam på at det krevst endeleg godkjent rammeløyve og igangsettelsestillatelse for å oppføre nye bygningar på eigedomen. Byggjemåte Saghuset består av ein eldre del i 2. etasje og eit nyare tilbygg i 1. etasje. Bygningen er oppført i bindingverk, utvendig med bordkledning og med taktekking av bølgeblikk og lakkerte plater. Eldste delen har tregolv og etasjeskilje av trebjelkelag med tregolv. Etasjeskiljet er forsterka med heimelaga limtredragarar. I del av 2. etasje er innreiia med opphaldsrom og er isolert. Tilbygget har støypt golv og er panelt innvendig. Bygningen har ein del utvendige vedlikehaldsmanglar samt sentningar i konstruksjonen. Taktekkinga på eldste delen er snart klar for utsikfting.Lagerbygget er oppført i uisolert bindingsverk på støypt ringmur. BTA er 200m2.Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Nils J Nordang, datert 17.10.2013. Kjøpar pliktar å gjere seg  kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Arealer og fordeling per etasje Bruksareal: 294 kvm, Bruttoareal: 260 kvmBTA pr. etasje: 1.Etasje: 155 m22.Etasje: 105 m2. Ca. 30 m2 i 2. etasje er innreia. 3.Etasje: 0 m2Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 2 214, Eierform: Eiet tomtTomta er flat og delvis oppfylt og planert. Mot sjøen er delar av tomta avgrensa med betongmur og tørrmurar. Tilkomst Frå Dale køyrer du til Flekke. I Flekke tek du til høgre i retning Hauglandsenteret, men første til venstre etter nærbutikken. Det vert skilta med visingsskilt på fellesvising. Parkering Parkering på eigedomen. Oppvarming Elektrisk Lokalitet Eigedomen har særs god lokalisering yteerst på eit nes innerst i Flekkefjorden ca. 650 m nordvest for Flekke sentrum. Flekkefjorden er ein arm av Dalsfjorden og med relativt kort veg til ytre del av Dalsfjorden og øyane utanfor. Lunt og popiulært område for fritidsbustader med flott utsikt og gode solforhold. Veg, vatn, avløp Vegtilkomst er privat og felles med fleire rettigheitshavarar/brukarar. Det er vert førutsatt at vegvedlikehaldet er felles med alle brukarane. Det er opplyst at det er lagt fram leidning til eigedomen som er knytta til offentleg vassverk. Det er ikkje avløpsanlegg på eigedomen. Kommunale avgifter Kr. 498 pr. år i eigedomsskatt pr.år. Ferdigattest Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve i følgje Fjaler kommune. Konsesjon Då eigedomen er bebygd, men over to mål er det krav om utfylling av eigenerklæring om konsesjonsfritak. Meklar vil syte for dette. Regulering Eigedomen ligg i LNF-område i arealdelen av kommuneplanen jmf. Fjaler kommune. I 2006 vart det gitt dispensasjon for etablering av 4 stk. leilegheitar med fritidsføremål. Vidare vart dette søkt om på nytt att i 2013 og kommune sitt vedtak var at dei var positive til dette.Taksten tek utgangspunkt i at eigedomen skal nyttast til fritidsføremål og at byggjearbeidet startar i løpet av desse åra søknaden gjeld for. Utleige Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad/næringsføremål. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld med eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden  dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel.  Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Topp!! All inclusive Fullt møblert * Concierge, Internett, elektrisitet
    Hus - Leiligheter til leie - Oslo (Østlandet) - 500.00 Euro €

    Svært termisk isolerte, trippelglassede aluminiumsvinduer, hvite på innsiden, antrasitt på utsiden Gulvvarme i stuer, bad og toaletter Mulighet for "skånsom kjøling" for å øke komforten i sommermånedene Generøs bod med vaskemaskin-tørketrommel Store ...

  • Hus i Jörn (Skellefteå)
    Hus i Jörn (Skellefteå)
    Bolig til salgs - Bodø (Nordland) - Sjekk med annonsør

    Byggår1975 boarea 117kvm biarea 37 kvm tomtarea 925 kvm 4 rum och kök , badrum med toalett , toalettrum,tvättrum,garage vedugn ,värmpump,robotklippare. Säljas med inventarier

  • Geldkredit Angebot
    Geldkredit Angebot
    Bolig til salgs - (Germany) - Sjekk med annonsør

    *Wir bieten Kredite von 5.000 bis 20.500.000 Euro für jeden, der in der Lage ist, ihn mit Zinsen zu einem niedrigen Zinssatz von 2% bis 3% mit einer Laufzeit von 01 bis 30 Jahren zurückzuzahlen. Gerne sind wir Einzelpersonen, die alle Finanzierung zw...