Sjekk med annonsør HOLMAMYRANE - Bustaddraumen i hjartet av Balestrand
- Sted:
Velkommen til Holmamyrane Nye bustader med fantastisk fjordutsikt sentralt plassert i Balestrand sentrum
Her får du lyse og lettstelte bueiningar med gangavstand til alle . Bruksrett til nausttomt følgjer dei 12 første bueiningane . Kan nyttast som fritidsbustad.
Inntil kr 400 000,- i finansieringstilskot frå Balestrand kommune. Dette var det siste bildet av LÆRARGATA 13 Fritidsbustader/nausttomt Bueiningane kan også kjøpast som fritidsbustader
For dei 12 bueiningane i Tun 1 følgjer det med bruksrett til ei naustomt ved fjorden Len deg attende og nyt livet ved fjorden Nyt livet med flotte fjell og natur i nærleiken og panoramautsikt til Sognefjorden
Kanskje ynskjer du ein bustad der du slepp å tenkje på grasklypping, snømåking, måling og vedlikehald?
Eller du har venta på ein mogelegheit til å tilbringa ferien i Balestrand?
Ein stad der du kan lena deg attende og nyta livet?
Her på Holmamyrane kan du gjere nett det. Bilen kan stå i ro i carporten Har du lyst på ein tur til fjells er det berre å gå ut av døra og fortsetja oppover lia langs dei mange turstiane i området.
Like lett kjem du til fjorden om du vil spasera gjennom Balestrand sentrum eller om du vil nyta fjorden frå båt eller kajakk.
Ungane i området har ein trygg og god gangveg til skulen som ligg ein liten kilometer opp i lia. Her finn ein barne- og ungdomskule med fine leikeareal og idrettsanlegg for dei litt større ungane. Dei aller minste vil ha fine mogelegheiter for leik inne på tunet som ligg godt skjerma frå trafikken i hovudvegane i området.
Handleturen kan du ta til fots langs ein hyggeleg lokalveg med liten trafikk. Frå Holmmyrane er det om lag 200 m til handlegata i Balestrand sentrum. Finansieringstilskot Balestrand kommune har fått 2 millionar i tilskotsmidlar frå Husbanken, som skal fordelast mellom kvalifiserte søkjarar .
Det er ikkje sett krav frå Husbanken om kva type bustader som skal byggast, men er tenkt som ein motivasjon for å få til bustadbygging i Balestrand.
Det er mogeleg å søka om eit tilskot på mellom kr 200 000 – 400 000,-, med talet på søkarar og type søkarar vert avgjerande for kor stort tilskot søkarane får.
Søknadsfristen er sett til 15. september 2014.
Grunnlaget for søknaden er ein signert avtale mellom NBH Sogn Eigedom as og kjøpar/søkjar.
Fritidsbustader vil ikkje på finansieringstilskot
Rating:
Nyttig informasjon
- Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
- Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
- Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
- Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.
Relaterte annonser
-
Flotte borettslagsleiligheter på Steinkjersannan. 34 leiligheter i trygt og godt...Nye boliger - () - Sjekk med annonsør
Innhold: Sersjanten er et prosjekt planlagt på Sannan i sentrumsnære omgivelser. Prosjektet er planlagt som borettslag med leiligheter i alle etasjer, og næringsarealer i deler av første etasje. Det vil være leiligheter med 1, 2 og...
-
Skodje - Stette. Nøkkelferdig leilighet i 4-mannsbolig m/carport.Nye boliger - () - Sjekk med annonsør
Leilighet i 4-mannsbolig Boligene har 2 soverom, åpen løsning kjøkken/stue, bad, bod og sportsbod i carport. Inngangspartiet er overbygd. Boligene bygges iht. Tekniskforskrift 2010. (TEK10). ...
-
LØRENSKOG STASJONSBY -Oppløpet Salgstrinn 2; Nye 1- til 4-roms er nå for lagt ut for slag!Nye boliger - (Lørenskog) - Sjekk med annonsør
Oppløpet Salgstrinn 2 Salgstrinn 2 i Oppløpet består av hus B som rommer 35 nye leiligheter fordelt på 5 etasjer. Heis med direkte adkomst til garasjeanlegg i kjeller. Alle enheter vil ha adkomst til privat uteareal, enten balkong elle...