Sjekk med annonsør Moderne sentrumsnære leilegheiter i 4-mannsbustad med carport. Fin beliggenheit på Tua.
- Sted: Flora, Flora
Standard 4-manns bustad med god standard. Moderne open løysing med store vindusflater. Veggar på gang, stove, kjøkken og soverom har 13 mm gips med tapet som er måla med 3 strøk. På bad/vask er det baderomsplater type Fibo-Tresbo med flismønster. På golv er det 3 stavs parkett på stove, soverom og kjøkken. Flis på bad/vask og belegg på bod. I himling er det takess antikk. Bad/vask vert levert med baderomsinnreiing frå Foss bad, Foss variant 2 skuffer. Alterna dusj 90x90 rett. herda glass krom profil. Vegghengt wc. Uttak for vaskemaskin. Garderobeskåp type kombi på soverom. Balansert ventilasjon med høgeffektiv varmegjenvinnar. Sentralstøvsugar type Villavent. Eigedom Elias Melværgate 56900 Florø Innhald Det er planlagt oppføring av sentrumsnær nøkkelferdig 4-manns bustad med carport. Leilegheit A ligg i første etasje, har eit BRA/P-rom på: 82/77 m2 og inneheld: vindfang, hall, 2 (evt. 3) soverom, bad/vask, bod, kjøkken og stove med utgang til hage. Pris kr. 2.690.000,- inkl. carport.Leilgheit B: ligg i første etasje, har eit BRA/P-rom på: 71/65 m2 og inneheld: entre, garderobe, 2 soverom, bad/vask, bod, kjøkken og stove med utgang til hage. Pris kr. 2.550.000,- inkl. carport.Leilegheit C: ligg i andre etasje, har eit BRA/P-rom på: 83/77 m2 og inneheld: vindfang, hall, 2 (evt. 3) soverom, bad/vask, bod, kjøkken og stove med utgang til stor balkong mot sør og vest. Pris kr. 2.690.000,- inkl. carport.Leilegheit D: ligg i andre etasje, har eit BRA/P-rom på: 71/65 m2 og inneheld: entre, garderobe, 2 soverom, bad/vask, bod, kjøkken og stove med utgang til balkong mot sør. Pris kr. 2.550.000,- inkl. carport. Byggjemåte Bustaden vert oppført etter Byggteknisk forskrift (TEK 10). Ytterveggar: stenderverk gran 36x198, asfalt/vindtett/plater, 23x36 mm lekter, 19x148 dobbelfalsa kledning, og 16x98 mm lister på vindauge og dører. Utvendig kledning og omramming er grunna med 2 strøk oljedekkbeis. Beslag over/under vindauge og dører leverast i svart utføring. utvendig kledning og listverk leverast i gran grunna 1 strøk kvit + 1 toppstrøk måling kvit. Innvendig 20 cm glava isolasjon + 0,15 mm dampsperre, plater etter romskjema. Vindauge og balkongdører leverast med måling kvit, 2 strøk. Utanpåliggande sprosser etter fasadeteikningar. Farge innvendig/utvendig: kvit NCS S0502Y. Innvendige foringar leverast med kvit NCS S0502Y. Ytterdør er Jømna-dør type klassisk kvit. Golv/etasjeskilje: Isolert lydbjelkelag med sponplater. Overflater golv har flisimitert laminatgolv på gang, flis på bad og parkett på dei øvrige romma. Takkonstruksjon: takstolar i henhold til snittteikning, 18mm Hunton undertak, takpapp type Vebti-tak plus, 30x48 mm rekter, 30x48 mm lekter, taktekking med Skarpnes dobbrlkruma svart betongtakstein med nødv. snøfangere. Doble 19x19 mm vindskier, 19x148 mm rennebord, raftekasser med fluenetting og 16x98 mm bord som spaltekledning. Takrenner Grøvik 5 " svart aluminium. Vindskier, renneborg og kassekledning leverast impregnert og grunna. Invendig 30 cm Glava Exstrem 33 isolasjon, 30x48 mm lekter, 0,15 mm dampsperre, plater etter romskjema. Tomt Areal: 1 241 m2. Eigarform: Fellestomt i sameige. Det er lagt opptil at leilegheitene i første etasje disponerer utearealet mot sør. Elles er utearealet felles. Pr. idag står det eit eldre bustadhus på eigedomen som skal rivast. Stor flat sentrumsnær tomt. Veg og carport får asfalterte overflater. Utearealet etter situasjonsplan vert levert grusa, med maskinplanert jord. Tilkomst Tilkomst frå offentleg veg. Parkering Parkering i carport, evt. på eigedomen. Oppvarming Det er varmekablar på bad/vaskerom. Valfritt om ein ønskjer vedomn eller varmepumpe i stove. Energimerking Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter C Lokalitet Eigedomen ligg sørvendt og solrik til med fin beliggenheit på Tua. Tua er eit roleg etablert bustadområde med kort gangavstand til sentrum. Det er også fine turområder i nærleiken og kort avstand til badeanlegget Havhesten. Veg, vatn, avløp Offentleg. Kommunale avgifter Vanlege kommunale satser. Det er fritak for eigedomskatt dei tre første åra. Likningsverdi Likningsverdien er ikkje fastsett. Ferdigattest Det skal føreligge bruksløyve eller ferdigattest innan kjøpar tek over bustaden. Regulering Eigedomen ligg i område som er avsett til bustader. Opplysningar om sameige. Sameie: Bustadsameiget Gnr. 202 Bnr. 248 I Flora Kommune. Sameige vil bestå av 4 einingar. Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen. I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige. Felleskostnader Evt. felleskostnader i sameige vil vere felles forsikring og felles vedlikehald av eigedomen. Det vert opptil sameige å fastsetje eventuelle felleskostnadar. Rekneskap/vedtekter Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i vedtekter. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter. Det er ikkje sett opp noko rekneskap for sameiget då dette ikkje er etablert. Legalpant Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader. Utleige Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål. Skal meldast skiftleg til styret. Diverse Seljar tek atterhald om at endeleg godkjenning frå til prosjektet frå Flora kommune, samt at alle 4 einigane må vere selde før ein startar bygging.Kostnader: 2,5 % av tomteverdi = kr. 8.750,- + tinglysingskostnader. Totale kostnader pr eining er kr. 9.994,-. Forsikring Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato. Eller: Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikring kan kontakte meklar. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel. Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Overtaking Berekna ferdigstilling er ca 12 mnd frå byggjeløyve vert gjeve og dei 4 einingane er selde.
Rating:
Nyttig informasjon
- Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
- Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
- Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
- Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.
Relaterte annonser
-
Flott bustad med nydeleg utsiktEiendom - (Flora) - Sjekk med annonsør
Standard Bustaden er lys og fin med Ikea takhøgt laminatkjøkken med MDF frontar og lyslister. Kjøkkenet var nytt i 2009. Innvendige veggar i hovudetasjen har tapet med brystningspanel i stova, fabrikkmålte MDF plater på kontor, målte plater og tapet...
-
Særdeles fint oppusset 3-roms bolig. Nytt stilrent kjøkken og to nye flotte bad.Eiendom - (Flora) - Sjekk med annonsør
Standard Svært fin 3-roms bolig med nytt fint kjøkken og to nye fine bad. (2012)I 1. etg. er det sammenhengende flislagt gulv i vindfang, gang og i begge bad, uten terskler i døråpninger.Bad og bad/vaskerom er stilfullt innredet med Metal wood-flise...
-
VISNING 8/10! Enebolig på to plan med terrasse og garasje i barnevennlig områdeEiendom - (Flora) - Sjekk med annonsør
Standard Stue: Belegg på gulv. Malt brystningspanel og malt strie på vegger. Hvitlasert panel i tak. Det er montert fiber i stuen der grunnpakken for internett er inkludert i fellekostnadene til borettslaget. I stuen er det montert luft til luft var...