Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Sjarmerende og tiltalende hytte i Hafjell! Ski inn/ut. Innholdsrik eiendom med tilsammen 12 sengepla

Endret: August 22, 2015
  • Sted: Lindås, Lindås

Innhold Bustaden går over eitt plan som inneheld entrè, hall, toalett, 3 soverom, bad, 3 boder, gang, vaskerom, kjøkken og stove med utgang til delvis overbygd terrasse. Koffertloft. Blindkjeller. Enkel garasje med verkstadrom/bod. Standard Dette er ein innhaldsrik einebustad med lett adkomst og normal standard. Bustaden er oppgradert med nytt taktekke, nytt sikringsskap i 2012 og flislagt bad frå 2013. Kjøkkenet er òg oppgradert seinare tid. Bustaden er malt i lyse- og moderne fargar, ein kan dog pårekne noko oppgradering av innvendige overflater. Sjå takst og bilete for ytterlegare informasjon. Beliggenhet Eigedomen ligg sentralt til, midt i Alvermarka-feltet, eit etablert og roleg bustadområde. Huset er sørvestvendt og har bra lys- og soltilhøve, samt utsikt mot nærområdet. Gangavstand til Kiwi-butikken, barnehagar, barneskular og kyrkje. Ca. 4 minutt å køyre til Knarvik Senter, med dei fleste servicefasilitetar. Flott turterreng i nærområdet. Ca. 30 minutt å køyre til Bergen og 40 minutt til Mongstad. Adkomst Frå Bergen tek ein av mot Radøy/Mongstad i rundkøyringa i Knarvik, deretter til venstre i rundkøyringa i Isdalstø. Ta til venstre ved Kiwibutikken, deretter fyrste avkøyrsle til høgre. Så tek ein til venstre når vegen delar seg, og ein får då eigedomen på høgre side. Følg visningskilt frå Eiendomsmegler Vest ved fellesvisningar. Tomtebeskrivelse Stor sett flat og barnevenleg tomt, opparbeida med asfaltert adkomst til garasje. Grusa tun og gangbaner. Grøntanlegg med plen, flotte tun- og frukttrè, diverse hekk- og prydbusker. Grusa grillplass. Vei, vann og kloakk Offentleg veg. Offentleg vatn og kloakk via private stikkleidningar. Byggmåte Grunn- og ringmur av betongkonstruksjon. Oppført i trekonstruksjonar med trekleidning. Saltakkontruksjon med betongtakstein. Sjå takst for ytterlegare informasjon og for byggjemåte for garasje. Energimerking Eigedomen er energimerka, kopi av energiattesten kan ein få ved å kontakte meklar. Energimerke F og oppvarmingskarakter GUL. Regulering Regulert område. Arealbruken for eigedomen er fastsett til byggjeområde for bustad. Fyring / Oppvarming Varmepumpe (luft-til-luft) og peis i stova. Golvvarme på bad.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser