Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Stor 3-roms over 2 plan.

Endret: August 17, 2015
  • Sted: Sogndal, Sogndal

Standard Sjå vedlagt leveransebeskriving. Eigedom Lunnamyri 46856 Sogndal Innhald 3-roms leilegheit i på 2 plan.Leilegheita er på 80 kvm og inneheld: 2. etasje: Hall/trappegang, wc/vaskerom, stove m/kjøkkenkrok. Inngang frå fellesgang.3. etasje: Trappegang, 2 soverom, bad og bod.Utebod i garasje på 5 kvm. Felles hovedinngang og fellesareal i sokkeletasjen. Balkong med utgang frå stove. Utgang til hage frå fellesgang i 2. etasje. Det eksklusive uteområde er regulert gjennom vedtektene. Sjå vedlagte vedtekter og utanomhusplan.I og med at frådeling og seksjonering ikkje er gjennomført før kontraktsinngåing, vert det teke atterhald om at dette går i orden for at kontrakten er bindande for partane.Sameiga består av 5 sjølveigarleilegheiter. Kvitevarer Leilegheita blir ikkje leverte med kvitevarer. Einaste som føl med er kjøkkenventilator som er innebygd. Byggjemåte Grunnmur i underetasje og kjellar er prosjektert utført i betong med utvendig og innvendig isolering. For hus med "plate på mark" er det forutsatt ein ringmur av ringmurselement med utvendig og innvendig isolasjon, brukt etter produktets produktgodkjenning. For å trygge innemiljøet, blir alle våre VestlandsHus levert med radonsperre mot grunn. Det leverast ventilert elementpipe og stålpipe jf. teikning. Ventileringa kan benyttast som luftstilførsel for ildstad som er tilpassa for slike ventileringsløysningar. På avretta murkrone legges svillemembran m/oppbrett og 36/48  mm svill med nødvendige boltar og holbandsforankring. Dragere iflg. teikning. Søylesko og feste for rekkverkstøtter støypast inn på støypte balkongar, søylefundament og forstøtningsmurar.For meir info, sjå vedlagt leveransebeskriving. Arealer og fordeling per etasje Primærrom: 77 kvm, Bruksareal: 80 kvmAlle rom er P-rom unnateke: BoderAreala er henta frå teikiningar utført av arkitekt . Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 980, Eierform: FellestomtEigedomen er enno ikkje formelt godkjent frådelt og tilhøyrer førebels hovedbruket gnr 23 bnr 228. Så snart frådelinga er godkjend vil seksjoneringa bli gjennomført og kvar leilegheit vil få eit eige gnr, bnr og seksjonsnr. Tilkomst Avkøyring frå Trolladalen like ovanfor innkøyringa til Kvåle skule. Parkering Carport med bod. Sjå utanomhusplan for kva parkeringsplass som gjeld kva leilegheit. Oppvarming - Vedomn- Elektrisk- Varmekablar Energimerking Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter C Lokalitet Eigedomen har flott beliggenheit inst i blindgate. Svært barnevenleg område, med friområde ved Kvåle skule med bl.a ballbaner, leikeaparat, friidrettsbane, scateramp, treningsaparat, jobbeløype osv som nermaste nabo.Kort avstand til barnehage, skular, Fosshaugane Campus, idrettssenteret, butikkar og andre sentrumsfunksjonar. Veg, vatn, avløp Offentleg. Tilkomstvegen frå Trolldalen/Lunnamyri er i dag privat, men vil bli kommunal. Kommunale avgifter Ikkje fastsett. Vil følgja kommunalt regulativ. Ferdigattest Ferdigattest er ikkje utferda, men vert lagt fram før kontraktskriving. Konsesjon Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig. Regulering Regulert bustadfelt. Gjeldande reguleringsplan for Ingahaugen-Kvåle er gjeldande for område. Komplett reguleringsplan ligg på meklar sitt kontor. Utleige Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustadsføremål. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring. Kjøpar trer inn i dei rettar seljar har overfor entreprenøren som gjeld feil og manglar i 5 år frå overlevering. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden  dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel.  Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar. Seld "som den er" Kjøpar trer inn i dei rettar seljar har overfor entreprenøren som gjeld feil og manglar i 5 år frå overlevering.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • 3-roms i Sogndal
    3-roms i Sogndal
    Hus - Leiligheter til leie - (Sogndal) - Sjekk med annonsør

    Hei! Vi er tre jenter, to på 19 og ei på 20 år, som leiter etter plass å bu når vi skal begynne/fortsette på vgs til hausten. Vi har ei øvre grense på 3000 kr kver i mnd, så samla blir det 9000 kr/mnd. Helst ser vi etter noe som er sentralt i Sogndal...

  • Prisgunstig einebustad i Fardal.
    Prisgunstig einebustad i Fardal.
    Eiendom - (Sogndal) - Sjekk med annonsør

    Innhold Liten einebustad i Øvstedalen, godt og vel ei mil frå Sogndal sentrum. Det er skule og barnehage i nærområdet. Det tek ca. 15 min å køyre til Sogndal sentrum med alle fasilitetar. Eigedommen ligg i eit roleg område. Det blir i samband med by...

  • Ønsker leilighet i Sogndal
    Ønsker leilighet i Sogndal
    Hus - Leiligheter til leie - (Sogndal) - Sjekk med annonsør

    Soverom: 1 Bad: 1 Kvadratmeter: 50 Møblert: Nei Kjæledyr: Nei Megler honorar: Nei Vi er eit rolig par fra sunnfjord på 18 og 22 år. Røyker ikkje og har ikkje husdyr. Skal studere i Sogndal. Og vi er sikre betalarar :)