Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Innhaldsrik einebustad med flott utsikt!

Endret: August 19, 2015
  • Sted: Sogndal, Sogndal

Innhold Innhaldsrik einebustad på solsida i Sogndal. Fantastisk utsikt over sentrum og fjorden. Gangavstand til skule, sentrum og barnehagar. Barnevennleg område. Ligg i toppen av bustadfelt og er skjerma frå innsyn og trafikk. Entre/gang, 3 soverom, kjellarstove, 2 bodar, bad og vaskerom. Kjøkken og stove med delvis open løysing, 2 soverom og bad. Vedovn i stove. Kjøkken er oppgradert og bytta i nyare tid. Standard Stor og innholdsrik einebustad med terrasse både på framsida og på vestsida av huset med gode solforhold. Stor garasje oppført på eigedommen med god biloppstillingsplass og utleigedel på toppen. 1. etg: Kjellarstove/soverom, tre soverom, bad, vaskerom og kaldbod/matbod. 2. etg: to soverom, bad, kjøkken og stove. Kjøkkeninnreiinga har skuff- og dørfrontar i heiltre eik, og er oppgradert i seinare tid. Det er godt utforma og har god arbeidsplass. Innvendige flater er kledd med plater med tapet/strie, malt panel og flis. på golva er det nytta vinyl på betong og plater, linoelum, flis og eikeparkett. I himlingar er det nytta malte plater og panel. Vaskerommet i første etasje er originalt og har god lagringsplass. Overflater er slitt, og ein må pårekne oppgradering. Bad i begge etasjar er heilflisa og har dusjkabinett. Det er montert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinnar som betjener hovedhuset. Det er bygd ein bod under terrasse på hovedhuset. Her er det teikn til vassinntrenging i bakvegg, men det er ikkje vidare teikn i resterande del av underetasjen. Sjå vedlagt takst. Garasje og utleigedel vart bygd i 2007. Utleige på garasje: Stort allrom vert nytta som stove og kjøkken. Det er bygd ein hems som vert nytta som sovealkove. Det er bad og vindfang i leiligheita. P.t er det eit kontor med eigen inngang. Denne delen kan nyttast som ein del av utleigedelen, men for at desse romma ikkje skal vere atskilt må ein sette inn ei ekstra dør. Utleigedel har varmepumpe og sentralstøvsugar. Beliggenhet Eigedommen ligg i enden/toppen av Kjeldeteigen, i eit byggefelt med tilsvarande bygningar. Flott utsikt mot Campus, Sogndal sentrum og fjorden. Kan sjå mot Gurvin og det nye feltet. Adkomst Lett tilkomst frå Dalavegen til Gurvin. Ein køyrer inn i Åbergevegne, deretter svingar ein til venstre opp Kjeldeteigen og køyrer denne gata til endes. Det vil bli skilta med visningsskilt frå EIendomsmegler Vest under felles visning. Tomtebeskrivelse Skrånande delvis opparbeida hage. I framkant av huset er det beplantning og bed. På baksida er det skrånande tomt, med leikehus plassert på toppen. Noko beplantning rundt terasse på eine sida av huset. Det er oppsett forstøttingsmurar mot terreng. Vei, vann og kloakk Tomta er tilknytt offentleg veg, vatn og avløp. Byggmåte Huset er bygd i tre over grunnmur, med unntak av bakvegg og gavlveggar som er bygd i betong. Sjå elles vedlagt takst. Energimerking Energimerke E og oppvarmingskarakter ORANSJE Regulering Eigedommen ligg i eit område regulert for bustader. Fyring / Oppvarming Vedovn i stove. Moglegheit for tilkobling av vedovn i kjellarstove. Varmepumpe mot luft både i hovedhus og i utleigedel i garasje. Elektrisk og varmekablar i enkelte golv.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • Stor 3-roms over 2 plan.
    Stor 3-roms over 2 plan.
    Eiendom - (Sogndal) - Sjekk med annonsør

    Standard Sjå vedlagt leveransebeskriving. Eigedom Lunnamyri 46856 Sogndal Innhald 3-roms leilegheit i på 2 plan.Leilegheita er på 80 kvm og inneheld: 2. etasje: Hall/trappegang, wc/vaskerom, stove m/kjøkkenkrok. Inngang frå fellesgang.3. etasje: Tr...

  • 3-roms i Sogndal
    3-roms i Sogndal
    Hus - Leiligheter til leie - (Sogndal) - Sjekk med annonsør

    Hei! Vi er tre jenter, to på 19 og ei på 20 år, som leiter etter plass å bu når vi skal begynne/fortsette på vgs til hausten. Vi har ei øvre grense på 3000 kr kver i mnd, så samla blir det 9000 kr/mnd. Helst ser vi etter noe som er sentralt i Sogndal...

  • Prisgunstig einebustad i Fardal.
    Prisgunstig einebustad i Fardal.
    Eiendom - (Sogndal) - Sjekk med annonsør

    Innhold Liten einebustad i Øvstedalen, godt og vel ei mil frå Sogndal sentrum. Det er skule og barnehage i nærområdet. Det tek ca. 15 min å køyre til Sogndal sentrum med alle fasilitetar. Eigedommen ligg i eit roleg område. Det blir i samband med by...