Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Leilegheit

Endret: August 14, 2015
  • Sted: Naustdal, Naustdal

Standard I yttergangen er det belegg på golvet, målte profilerte plater på veggane og takess i taket. Frå gangen er det utgang til terreng med utebod. Inngangspartiet er overbygd.Gangen har belegg på golvet, målte plater på veggane og i taket. Stova har belegg på golvet, målt strie på veggane og måla tak. Det er montert vedomn i stova.I kjøkkenet er det belegg på golvet, målt strie på veggane og måla tak. Kjøkkeninnreiinga er plassbygd frå 1970-talet, overskåpa vart skifta ut i 2010. Det er plass til spisebord. Flisar over benken og komfyren. Komfyren og kjøleskåpet følger ikkje med i salet. Kontoret har belegg på golvet, målt strie på veggane og takess i taket.Dei to soveromma belegg på golvet, måla strie på veggane og måla tak. Det er skåp i begge soveromma. Flott utsikt frå hovudsoverommet. Bad/vaskerom har belegg på golvet, venylbelegg på veggane og måla tak. Baderomsinnreiinga består av servant i underskåp, overskåp, badekar, toalett og opplegg for vaskemaskin. Boda har belegg på golvet, måla panel på veggane og måla tak. VVT er plasser i boda og det er montert hyller. Eigedom Gamlevegen 336817 NaustdalSeksjonert del av horisontaldelt tommansbustad frå 1943 med tilhøyrande garasje og reiskapshus.Uteareal vert halde i fellesskap. Arealet på baksida av bustaden disponerar denne seksjonen. Innhald Leilegheita ligg i 3. etasje med tilkomst frå felles inngangsparti med leilegheita i 2. etasje. Følgande innhald:Gang m/utgang til terreng, innergang, bad, to soverom, stove, kjøkken, to boder, der den eine boda i dag blir brukt som soverom/kontor. I tillegg ei felles utebod og kjellar som blir brukt i fellesskap med nabo i 2. etasje. Kvitevarer Komfyr og kjøleskåp i kjøkkenet følgjer ikkje med i salet. Oppvaskmaskina følgjer med. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med. Byggjemåte Grunn, fundamentering, grunnmur og kjellargolv er ikkje medteke i taksten då dette ligg utanfor seksjonen.Ytterveggane er oppført i dobbel teglmur, truleg med 5 cm sydde steinullmatter i holrom. Alle yttervaggane har uisolert påforing (utlekta og plata) på innsida. Bjelkelag mot sekjson 1 i 2. etasje er trebjelkelag med antatt 5 cm steinullisolasjon og undergolv av pløgde bord. For å betre trinnlydsisolajson er det lagt eitt lag gips og sponplater i alle rom mot seksjon 1. Utvendig teglvegg vart vaska og målt i 2009.Takkonstruksjonen er oppført med taksperre i tre opplagt på ytterveggar og bereveggar. Tak er tekka med Decra stålplater på eksisternade undertak og eit lag underlagspapp. Loftet er uisolert med 10 cm isolasjon i bjelkelag og skråtak tilbygg. Tilkomst til kaldloft via nedfellbar stige i gang.Vindauge og dører i yttervegg er i tre med målte overflater og isolergras. Alle vindauga vart skifta i 1976/77. Det er ny rute i vindauge på stova. To ruter er punkterte. Innerdører i heiltre furu.Ny frittliggande terrasse i impregnert tre oppført i 2007 på terreng på nordvestsida av huset med tilkomst via gang.Innerveggar  har bereveggar og lettveggar i tre med plater på begge sider. Foringar, listeverk og trapp har målte overfalter.Sanitæranlegget har røranlegg frå byggjeår med unntak av bad som fekk nytt anlegg i 1986. Delvis skjult og delvis ope eletrisk anlegg med nytt sikringsskåp med 7 el.kursar og automatsikringar. Garasjen vart bygt i ca. 1930. Dobbel garasje med ytterveggar i betong/tegl, takkonstruksjon i tre med lakkerte metallplater og betonggolv. Alle innvendige overflater er ubehandla. Leddport med eletrisk opning og to vindauge i front mot Gamlevegen. Straumtilføring frå hovudsikring i tomannsbustaden. Alle synlege utvendige overflater er måla. Reiskapshus frå 1982 er ein uisolert trebygning med vegg mot terreng i gråstein på ringmur og golv i betong. Straumtilføring frå hovudsikring i tommansbustaden. Tre vindauge med enkelt glas og ei lettdør i tre.Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Arne Haugland, datert 08.08.2014. Kjøpar pliktar å gjere seg  kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Arealer og fordeling per etasje Primærrom: 60 kvm, Bruttoareal: 77 kvmAlle rom er P-rom unnateke: bodareal. BRA pr. etasje: 77 m2. Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 1 058, Eierform: FellestomtSøraustvendt og bratt tomt med tilkomst via trapper og bratt grusveg i terreng frå garasje ved Gamlevegen i søraust. tomta er ferdig opparbeidd med terrengmurar i gråstein/betong og med stort sett tilplanta og tilsådde skråningar mot nord, aust og sør. Arealet på norvestsida av huset er stort sett naturtomt. Tilkomst Eigedomen har tilkomst frå kommunal veg. Parkering Parkering i garasje og langs vegen. Oppvarming Varmekablar i golv på badet, anna oppvarming er basert på eletriske varmeomnar. Energimerking Oppvarmingskarakter Oransje -Energikarakter G. Lokalitet Eigedomen ligg lunt og fint til med fin utsikt over fjorden og deler av Naustdal sentrum. Gode solforhold på morgon og dagtid. Gangavstand til barnehage og skule og Naustdal sentrum. Veg, vatn, avløp Offentleg. Kommunale avgifter Kr. 7 964 pr. år inkl. eigedomsskatt.Eigedomsskatt kr. 3 012,- pr. år. Likningsverdi Likningsverdi som primærbustad kr. 393 743,- pr. 31.12.2013. Henta frå skatteetaten.no. Avvik kan førekome. Ferdigattest Det føreligg ikkje ferdigattest eller bruksløyve frå Naustdal kommune. Regulering Eigedomen er regulert til bustadføremål i samsvar med kommuneplan for Naustdal sentrum 2011 - 2023. Opplysningar om sameige. Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen. I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige. Rekneskap/vedtekter Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap, vedtekter og evt. husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald. Om det ikkje fins rekneskap skriv følgjande: Sameiget er enkelt organisert, og ikkje rekneskapspliktig (sjekk dette). Vi har difor ikkje motteke rekneskap, budsjett, ol og kan difor ikkje opplyse om slike forhold. Forretningsførar/rekneskapsførar Det er ikkje forretningsførar/rekneskapsførar. Godkjenning/forkjøpsrett Forkjøpsretten som er tinglyst 08.06.1998 med dagbok nr. 2442 er avklara, men det vil framleis vere forkjøpsrett til sameigarane ved seinare sal. Legalpant Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader. Utleige Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål. Forsikring Eigedomen er forsikra gjennom ei felles forsikring der ein delar kostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden  dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel.  Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Eigedomen er ledig for overtaking frå 15. oktober 2014.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser