Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Næringslokale med kontor, butikk og utleigeleilighet

Endret: August 17, 2015
  • Sted: Stryn, Stryn

Standard Bygningen er oppført i betong i 1957 og gjev generelt inntrykk av godt vedlikehald. Butikklokalet vart pussa opp i 2013,  og kontordelen vart pussa opp i 2012. Elektrisk inntak og sikringskåp vart skifta i 2005. Ellers vart bygget sist måla utvendig i 2013. Som golvoverflater er det for det meste flis i kjellar og i butikkdelen i 1.etg., ellers betonggolv. På veggoverflater er det for det meste måla plater og mur/betong.Måla betong i himling. Betongtrapp frå 1.etg til kjellar. Eigedom Myrane 86783 STRYN1 etasjeNæringseksjon i kombinert bustad/forretningsbygg midt i Stryn sentrum. Bygget består av tre seksjonar; to bustad seksjonar og denne seksjonen som er ein næringseksjon og består av; Utleigeleilegheit i kjellaren og butikk/forretningslokale i 1.etg. Innhald Seksjonen går over to plan; Kjellar; Det meste av kjellaren inngår i denne seksjonen og består av ei utleigeleilegheit med eigen inngang. Leilegheita inneheld kjøkken, bad og separat wc, to soverom, vaskerom og vindfang.1.etg: Består av eit butikklokale m/ tilhøyrande kontor og wc, og ein kontordel (inndelt i to kontor). Byggjemåte Bygningen er oppført på betongfundament og betonggolv på grunn. Grunnmur og ytterveggar er oppført som engelsk holmur, isolert med lecakuler og med innvendig og utvendig puss. Yttertak av tresperrer, isolert og tekt med skiferheller. Etasjeskiller av betongdekke. Isolerglass og doble ruter i dels plastkarm,dels trekarmar. Utvendig betongtrapp til 1.etg og kjellar. Arealer og fordeling per etasje Primærrom: 79 kvm, Bruksareal: 183 kvm, Bruttoareal: 194 kvm(Utleigeleiligheta utgjer 79 m2 og er definert som P-rom sjølv om takhøgde er 2,05 og dermed ikkej tilfredstiller krav for P-rom).BRA pr. etasje: Kjellar: 79 m21.Etasje: 104 m2Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 778, Eierform: Eiet tomtSjølveigartomt som er felles for sameiget, dvs alt uteareal er fellesareal (med unntak av terassen som tilhøyrer snr 1). Tilkomst Tilkomst frå framsida av bygget frå kommunal veg. Parkering Felles parkering på felles tomt for sameiget. Oppvarming Utleigeleilegheit i kjellar har varmekablar på bad og varmepumpe. Ellers oppvarming basert på elektriske panelovnar. Oppvarming av butikk/kontorlokale i 1.etg har oppvarming basert på elektriske lause ovnar. Energimerking Oppvarmingskarakter Rød - Energikarakter F Lokalitet Eigedommen ligg svært sentralt plassert i Myrane 8 midt i Stryn sentrum. Veg, vatn, avløp Eigedommen har adkomst frå kommunal veg. Eigedommen er tilknytta offentkeg vatn og kloakk (sameiget har privat septiktank på 9 m3 med overløp til kommunalt avløpsnett). Kommunale avgifter Kr. 12 558 pr. år(Vassavgift kr 5589, kloakkavgift kr 3631, feieavgift kr 104, estimert eigedomskatt kr 3234). Likningsverdi Likningsverdi er ikkje berekna endå då bygget vart seksjonert i 2014. Ferdigattest Bygget på eigedomen vart godkjent oppført i 1957, og i den tid var det ikkje krav til ferdigattest/mellombels bruksløyve. Det fpreligg ferdigattest frå 2009 for bruksendring av kjellar til hyblar. Regulering I følgje reguleringsplan for Heimskringlakvartalet,  godkjent den 10.12.1996, med mindre vesentleg endring godkjent den 13.13.2007, er eigedomen regulert til byggjeområde for forretning/bustad. Opplysningar om sameige. Sameie: Myrane 8 SameieMed eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen. Felleskostnader 702 pr. mnd. (estimerte felleskostnader inkluderer: felles byggforsikring, renovasjon og straum fellesareal). Rekneskap/vedtekter Sameiget har vedtekter men er ellers enkelt organisert og har ikkje rekneskap, budsjett, husordensreglar o.l. Legalpant Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader. Utleige Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål og forretningsføremål og er fullt utleigd per idag.Eksisterande leigekontrakter vert overført til ny eigar. Forsikring Eigedomen er forsikra gjennom sameige og vert betalt som ein del av felleskostnadane. Kjøpar må teikne innbuforsikring frå overtakingsdato. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld utan eigarskifteforsikring. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar. Seld "som den er" Avhendingslova § 4-19 vert fråviken, slik at reklamasjonsfristen vert sett til to år etter overtaking.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • Innvik - byggeklare tomter for bolig og/eller fritid - flott beliggenhet ved fjorden
    Innvik - byggeklare tomter for bolig og/eller fritid - flott beliggenhet ved fjorden
    Eiendom - (Stryn) - Sjekk med annonsør

    Ansvarlig megler Marius BergerMegler MNEF Diverse Tomtene er ikke fradelt eller oppmålt. Oppgitt tomteareal er ca-areal og ved endelig oppmåling kan oppgitt areal avvike. Tomt Eiet. Tomtene er flate og grovpukket og er lett bebyggelig. Solgt &aposa...

  • Einebustad m/utleigedel i Innvik!
    Einebustad m/utleigedel i Innvik!
    Eiendom - (Stryn) - Sjekk med annonsør

    Standard Huset er oppført i 1972, tilbygd og anlagt loftsetasje i 1987. Renovering av u.etg. i 1994. I perioden 2005-2010 er det utført ei generell oppusing for deler av rom med blant anna oppussing av begge bad og oppussing og dels fornying av begg...

  • Kombinert bustad/forretningsbygg i Olden sentrum!
    Kombinert bustad/forretningsbygg i Olden sentrum!
    Eiendom - (Stryn) - Sjekk med annonsør

    Standard Hovedbygget er oppført i 1952 og vart totalrenovert i 2008 både teknisk og bygningsmessig, både innvendig og utvendig. Hovedbygget er inndelt i to leilegheiter som kan seksjonerast samt butikklokaler i 1.etg. Tilbygd næringsdel er oppført i...