Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Rekkehus i attraktivt, barnevennleg bustadområde God standard, carport, stor terrasse, fin utsikt

Endret: August 21, 2015
  • Sted: Førde, Førde

Standard Husværet har god standard og det er innlagt fiberkabel.I hovudetasjen har stova parkett på golv, målte profilerte plater på vegg og takess med spottar i tak. Det er montert vedomn. Frå stova er det utgang til delvis overbygd veranda.Kjøkkenet er romsleg. Soverommet som vanlegvis er i denne etasjen er innlemma i kjøkkenet, noko som gir plass til stort spisebord og ei god kjøkkeninnreiing. Kjøkkenet har parkett på golvet, målte profilerte plater på vegg og takess med spottar i tak. Innreiinga er av merket Sigdal og har integrerte kvitevarer.I underetasjen har entréen flislagt golv med golvvarme, målt strie på vegg og takess i tak. I entréen er det eit garderobeskåp.Badet har flislagt golv med golvvarme, flislagde veggar og takess i tak. Innreiinga har god skåpplass og er av merket Sigdal. På badet er det ei stor flott dusjnisje med glasbyggarstein samt toalett.Vaskerommet har eigen inngang med katteluke. På golve er det belegg med golvvarme, målte profilerte plater på vegg og takess i tak. I vaskerommet  finn ein varmtvasstank, avrenningsskåp for røyr i røyr system samt opplegg for vaskemaskin.Dei to soveromma har belegg på golv med golvvarme, målte profilerte plater på vegg og takess i tak med spottar. På hovudsoverommet er det skyvedørsgarderobe og utgang til fin terrasse. Eigedom Tångane 246812 Førde Innhald Underetasjen inneheld: to soverom, eitt med utgang til terrasse, bad, vaskerom, låsbar sportsbod og entré med trapperom til 2. etasje. Hovudetasjen inneheld: stove med utgang til delvis overbygd veranda, stort og romsleg kjøkken med plass til spisebord, utgang til veranda og luke til kaldloftet. I tillegg er det ein carport. Kvitevarer Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet. Vaskemaskin og tørketrommel følgjer ikkje med i salet. Tuner til TV følgjer ikkje med. Parabolantenne som er montert skal følgje med. Byggjemåte Leilegheita ligg i vertikaldelt rekkjehus. Bygningen er oppført på ringmur og isolert plate på mark av betong. Ytterveggane er av 6" isolert bindingsverk med utvendig kledning av trepanel. Vertikaldelte lydkonstruksjonar er oppbygde av dobbelt bindingsverk. Etasjeskiljet er av trebjelkelag. Takkonstruksjonene er oppbygd av A-takstolar, og har kaldloft med god lagerplass. Taktekkinga er av betongtakstein og undertaket av trefiberplater. Frå stova er det utgang til ein delvis overbygd veranda i fasade mot vest, og frå kjøkkenet er det utgang til delvis overbygd veranda mot aust. Frå eit av soveromma i 1. etasje er det utgang til ca. 30 m2 treterrasse i fasade mot vest. Ved innganen er det overbygd betongplatting. Seksjonen har eksklusiv bruksrett til ein parkeringsplass i felles carport. Carporten er oppført på ringmur av betong. Det er lagt asfaltert dekke. Ytterveggane er av bindingsverk med utvendig kledning av trepanel. Taktekkinga er av betongtakstein og undertak av trefiberplater. Elektrisk anlegg er installert.Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska, datert 23.07.2014. Kjøpar pliktar å gjere seg  kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Arealer og fordeling per etasje Primærrom: 97 kvm, Bruksareal: 102 kvm, Bruttoareal: 111 kvmAlle rom er P-rom unnateke: bodareal.BRA pr. etasje: 1.Etasje: 53 m22.Etasje: 49 m2Areala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 8 044, Eierform: FellestomtEigedommen er ein seksjon i Tångane Bustadsameige på Viebøen. Sameiget er eit grunnareal på 8044,6 m2, og er utbygd med 31 rekkehusvære og felles garasjar. Fellesareala er fint opparbeidde med grøntareal, leikeplassar, asfalterte vegar og parkeringsareal. Tomtearealet denne eigedommen har eksklusiv bruksrett til, er fint opparbeidd med stor treterrasse i fasade mot vest, tilplanta i skråning mot gangveg og ved inngangspartiet. Tilkomst Frå Førde køyrer ein mot Vie. Ta til venstre opp i Moldtaksvegen på flata og så til høgre i første kryss. Tångane kjem då på høgre side. Parkering Ein carport i rekke høyrer med husværet. Sameiget sitt fellesareal har gjesteparkering. Oppvarming Det er montert vedovn i stova. I underetasjen er det varmekablar i golva. Det er installert sentralstøvsuger og kanalar for framtidig installasjon av aggregat for balansert ventilasjon. Ventilasjonen er i dag basert på mekanisk avtrekk. Energimerking Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter D Lokalitet Husværet ligg fint til i attraktivt bustadområde, med utsikt mot sørvest og gode solforhold. Det er nest siste huset på rekka, og ved inngangen grensar husværet til grøntareal. Her er gangavstand til barnehage, skular, Sentralsjukehuset i Førde, nærbutikk og fine turområde. Veg, vatn, avløp Offentleg. Kommunale avgifter Kr. 12 740 pr. år inkl. eigedomsskatt.Eigedomsskatt kr. 2 808,- pr. år. Likningsverdi Likningsverdi som primærbustad kr. 690 336,- pr. 31.12.2013. Henta frå skatteetaten.no. Avvik kan førekome. Ferdigattest Det føreligg ferdigattest frå Førde kommune datert 15.05.2007 . Denne ligg vedlagt. Regulering Regulert til bustadføremål. Opplysningar om sameige. Sameie: Tångane Sameige, Orgnr.: 991231323Med eigarseksjon meinast sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedomen. I følgje lov om eigarseksjonar kan ingen erverve meir enn to bustadseksjonar i sameige. Felleskostnader 2 000 pr. år. Drift av sameiget. Rekneskap/vedtekter Kjøpar vert oppmoda til å setje seg inn i rekneskap og husordensreglar. Kjøpar godkjenner som bindande for seg sameiget sine vedtekter og husordensreglar herunder evt. reglar om husdyrhald. Forretningsførar/rekneskapsførar RevisorGruppen Fjordane AS, v/Roger Hopland. Godkjenning/forkjøpsrett Ikkje naudsynt Legalpant Sameige har legalpant for inntil 1G for dekking av ubetalte felleskostnader. Utleige Seksjonen kan i sin heilheit leigast ut til bustadføremål. Forsikring Eigedomen er forsikra av seljar. Kjøpar må teikne bygg og innbuforsikring frå og med overtakingsdato. Interessentar som ønskjer tilbod om forsikringar kan kontakte meklar. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld med eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden  dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel.  Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • To roms leilegheit sentralt i Førde
    To roms leilegheit sentralt i Førde
    Eiendom - (Førde) - Sjekk med annonsør

    Standard Leilegheita er lys og triveleg.Entrè/gangen har flisar ved inngangen og eikeparkett i gangen med varmekablar i den flislagde delen. Det er stor skyvedørsgarderobe med spegelfront.Stova har eikeparkett på golvet, målt strie og tapet på vegga...

  • Pen 2-roms B/L-leilighet med fjordutsikt
    Pen 2-roms B/L-leilighet med fjordutsikt
    Eiendom - (Førde) - Sjekk med annonsør

    Standard 2. ETASJE:Vindfang og gang har belegg på gulv, malte vegger og malt tak. Sikringsskapet er montert i vindfanget. Stue har belegg på gulv. På veggene er det malt strie og malt brystningspanel. Takplater i tak. Fra stuen er det utgang til ver...

  • Enebolig Grovefossen 20
    Enebolig Grovefossen 20
    Eiendom - (Førde) - Sjekk med annonsør

    Standard Bustadhuset har god standard på hovuddelen i bustaden. Dobbel frittståande garasje som i seinare tid har vore oppgradert med nytt sutak, glasert takstein, romsleg isolert bod og oppgradert elektrisk anlegg med spottar framfor portane. Porta...