Administrer informasjonskapsler

Sjekk med annonsør Sentrumsnær einebustad, eit steinkast unna Jølstra

Endret: August 24, 2015
  • Sted: Førde, Førde

Standard Innvendige veggar har plater med tapet og målte overflater på underlag av plater og strie. Golva er i heiltre, laminat og belegg. Bad/dusj har flislagt golv og veggplater med målte strie. I himlingane er det måla overflater på underlag av plater og maskinpapir. Kjellaren har enkel standard med ubehandla betonggolv, veggar med ubehandla murpuss og panel, og trepanel i himlingane. I rommet som var vore nytta som kjellarstove er det belegg på golv og tynnfinerplater på veggane.Hovudetasjen: Vindfang: Lukka vindfang med dør inn til trappegang. Av innreiing i dette rommet er det plassbygde skåp.  Gangareal: Dette rommet er i opa løysing med trapp til loftet. Dør med trapp i betongdekkje ned til kjellar. Frå trappegangen er det større glassfelt mot inngangspartiet av bustaden.Bad/dusj: Innreiinga består av servant, klosett, enkel dusj, spegel, lysarmatur og plassbygde skåp. Varmekablar i golvet.Soverom: Det er totalt fire soverom i bustaden. To av desse ligg i hovudetasjen. Begge har plassbygde skåp, og utsikt mot elva. Stove: Frå stova er det fin utsikt mot elva, og utgang til betongterrasse i fasade mot søraust. Frå denne terrassen er det trapp ned til hageareal. I stova er det oljekamin, og luft til luft varmepumpe. Anna oppvarming er basert på vegghengd, elektrisk omn.Kjøkken: Inngang til kjøkken via gangareal og stove. Innreiinga er plassbygd med måla overflater frå opphaveleg byggjeår. Varmekablar i golvet.Loft:Soverom: Det er totalt fire soverom i bustaden. To av dei ligg på loftet. I tillegg er den eine boda er nytta som soverom/gjesterom, men grunna areal, volum og lysflate er dette rommet rekna som s-areal i taksten.Gangareal: Trapp i opa løysing til hovudetasjen. I dette rommet er det montert vask.Bod: To stk. boder på loftet. Den eine boda er nytta som soverom/gjesterom.Kjellar: Alle romma i kjellar er rekna som S-rom. Består av gang med trapperom til 1.etasje, 2 boder, vaskerom og rom nytta som kjellarstove. Sistnevnte er ikkje vurdert som P-areal grunna rommets tekniske standard. Eigedom Gnr. 22, bnr. 1, fnr. 26Angedalsvegen 106810 Førde Innhald Sentrumsnær bustadeigedom like ved elva Jølstra i Førde, utbygd med eit bustadhus.Inneheld i hovudetasjen: Vindfang, gangareal, bad/dusj, 2 soverom, kjøkken og stove med utgang til veranda med betongdekkje.Loftet inneheld gangareal med trapp til hovudetasjen, 2 soverom og 2 boder. Kjellaren består av boder og vaskerom. Samtlege rom er rekna som s-rom på dette planen. Kvitevarer Kvitevarene som er på kjøkkenet ved vising følgjer med i salet.Tuner til TV følgjer ikkje med, evt. Parabolantenne som er montert skal følgje med. Byggjemåte Grunnmuren er av plasstøypt betong. Kjellargolvet er av betong. Etasjeskilja er av trebjelkelag. Ytterveggane over grunnmuren er av 4" bindingsverk med utvendig kledning av trepanel. Takkonstruksjonen har saltakform, oppbygd av sperr med taktekking av shingel. Utvendige trapper ved hovudinngangen og ned til kjellar er av betong. Frå stova er det utgang til betongterrasse i fasade mot søraust. Vindauga har trekarmar med kopla glasrammer og nokre få med 2-lags glas frå 1991. Med omsyn til den tekniske standarden på bygningane vert det elles vist til takst av Bjarte Roska ved Førde Takstkontor AS, datert 04.06.2014. Kjøpar pliktar å gjere seg  kjend med innhaldet i taksten og i eigenerklæring frå seljar som ligg ved salsoppgåva før det vert lagt inn bod på eigedommen. Meklar gjer elles merksam på kjøpar si undersøkingsplikt med heimel i avhendingslova. Arealer og fordeling per etasje Primærrom: 112 kvm, Bruksareal: 190 kvm, Bruttoareal: 207 kvmAlle rom er P-rom unnateke: Samtlege rom i kjellar, samt to stk boder på loftet.P-rom pr. etasje:Kjellar: 0 kvmHovudetasjen: 76 kvm Loft: 36 kvmBRA pr. etasje: Kjellar: 70 kvmHovudetasjen: 76 kvmLoft: 44 kvmAreala er henta frå takst utført av autorisert takstmann og er i samsvar med NS 3940. Meklar har ikkje kontrollert areala. Tomt Areal: 910, Eierform: Festet tomt, Utløpsår feste: 2059, Festeavgift: 10453Eigedomen ligg på festa tomt mellom Angedalsvegen og Elva Jølstra, like i nærleiken av Førde sentrum med fint utsyn mot sør og aust. Til tomta er det opparbeidd tilkomstveg av enkel standard og hage med grøntareal og plantar. Tomta har til dels bratt skråning med naturleg vegetasjon ned mot elva. Delar av innkjørsla samt hekk langs hovudveg ligg iflg. kart frå Førde kommune utanfor tomtegrensa. Viser til situasjonskart i nedlastbar salsoppgåve. Vdr. overføring og innløysing av festerett.Tilbod om innløying av festetomta vert kun gjeve når festaren sjølv fremjer eit krav om dette.Ved overføringa av festekontrakt opnast det for regulering av festeavgift. Denne reguleringa skal skje i samsvar med endringar i pengeverdien (konsumprisindeksen) sidan førre regulering i 2011, eller om festeretten overtas i næringsverksemd/offenlege foremål, med utgangspunkt i eigedomen tomteverdi på reguleringstidspunktet og ein avkastning i prosent av tomteverdien fram til neste kjente reguleringstidspunkt.Eventuell endring i samsvar med pengeverdien kan bereknast på hhp://www.ssb.no/vis/kpi/kpiregn.html. Informasjon overfor er tilsendt meklar direkte frå Advokatfirmaet Harris i samband med salet. Tilkomst Følg Angedalsvegen frå sentrum forbi Førdehuset. Ta av første utkjørsle til høgre. Huset kan sjåast frå vegen og er merka med "TIl sal"- plakat frå Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS. Parkering Parkering på tun. Oppvarming - Luft til luft varmepumpe- Vedkamin i kjellarstova- Oljekamin i stova. Oljelageret er i jordtank med ukjent volum og av ukjent standard Energimerking Oppvarmingskarakter Oransje - Energikarakter G Lokalitet Eigedomen ligg mellom Angedalsvegen og elva Jølstra, ca. 800 m frå Førde sentrum. Frå eigedomen er det fint utsyn mot sør og aust. Det er kort gangveg til både barnehagar, skular, Førde sentralsjukehus, Førdehuset og til sentrum. Veg, vatn, avløp Offentleg veg. Offentleg vasstilførsel.Offentleg kloakkanlegg. Kommunale avgifter Kr. 12 365 inkl. evt. eigedomsskatt. Likningsverdi Kalkulator for utrekning av likningsverdi på www.skattetaten.no er nytta. Avvik kan førekomme. Ferdigattest Det føreligg verken ferdigattest eller mellombels bruksløyve frå Førde kommune. Konsesjon Eigedomen er ikkje konsesjonspliktig. Regulering Regulert for bustad.Meklar vart kontakta av Vegvesenet, tysdag 23. september,  og vart gjort kjend med at området sannsynlegvis vil bli omfatta av "Førdepakken", og at dette kan få konsekvensar for eigedomen. Det ligg ikkje føre noko konkrete dokumentasjon eller vedtak på kva dette vil innebere p.t. Meklar har fått opplysningar frå Førde kommune pr. e-post at oppstart reguleringsplan er forventa i 2015, og planprosess er forventa å ta 4-5 år. Utleige Eigedomen kan i sin heilhet leigast ut til bustad. Eigarskifteforsikring Bustaden er seld med eigarskifteforsikring. HELP Bustadkjøparforsikring Meklar rår kjøparar av bustader til å teikne "Boligkjøperforsikring". Dette er ei rettshjelpforsikring som gir kjøpar profesjonell juridisk hjelp dersom det vert oppdaga feil eller manglar ved bustaden  dei neste 5 åra. Forsikringa inkluderer skadetakst og har ingen eigendel.  Forsikringa må teiknast seinast på kontraktsmøte. Sjå www.help.no. Finansiering Interessentar som ønskjer tilbod om finansiering i Sparebanken Sogn og Fjordane kan kontakte meklar. Bodgjeving Overtaking Etter avtale med seljar.

Kontakt selger Del

Rating:

Nyttig informasjon

  • Unngå svindel ved å handle lokalt eller benytt PayPal som betalingsmiddel
  • Aldri betal med Moneygram eller andre anonyme betalingstjenester
  • Bruk sunn fornuft. Virker et tilbud for godt til å være sant så er det mest sannsynlig det.
  • Dette nettstedet er ikke involvert i noen transaksjoner. Vi håndterer ikke betalinger eller forsendelser.

Relaterte annonser

  • To roms leilegheit sentralt i Førde
    To roms leilegheit sentralt i Førde
    Eiendom - (Førde) - Sjekk med annonsør

    Standard Leilegheita er lys og triveleg.Entrè/gangen har flisar ved inngangen og eikeparkett i gangen med varmekablar i den flislagde delen. Det er stor skyvedørsgarderobe med spegelfront.Stova har eikeparkett på golvet, målt strie og tapet på vegga...

  • Pen 2-roms B/L-leilighet med fjordutsikt
    Pen 2-roms B/L-leilighet med fjordutsikt
    Eiendom - (Førde) - Sjekk med annonsør

    Standard 2. ETASJE:Vindfang og gang har belegg på gulv, malte vegger og malt tak. Sikringsskapet er montert i vindfanget. Stue har belegg på gulv. På veggene er det malt strie og malt brystningspanel. Takplater i tak. Fra stuen er det utgang til ver...

  • Enebolig Grovefossen 20
    Enebolig Grovefossen 20
    Eiendom - (Førde) - Sjekk med annonsør

    Standard Bustadhuset har god standard på hovuddelen i bustaden. Dobbel frittståande garasje som i seinare tid har vore oppgradert med nytt sutak, glasert takstein, romsleg isolert bod og oppgradert elektrisk anlegg med spottar framfor portane. Porta...